Liam Brady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liam Brady


Statsborgarskap Irland
Fødd 13. februar 1956 (68 år)
Dublin
Idrett fotball
Utmerkingar

English Football Hall of Fame

William Brady, kjent som Liam Brady, (fødd 13. februar 1956) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Dublin. Han var ein framifrå offensiv midtbanespelar, kjend for sin utsøkte teknikk og si evne til ballkontroll, som para med ein presis venstrefot og eit uvanleg blikk for spelet gjorde han til den fremste playmakeren i engelsk seriefotball dei siste åra fram til 1980.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Brady fekk sin ligadebut med Arsenal FC hausten 1973. Frå 1977 var han ein av dei dominante spelarane i engelsk 1. divisjon. Våren 1979 var han med på å sikre Arsenal FA-pokalen, etter ein sesong der han vart kåra til årets spelar i engelsk fotball. Sommaren 1980 vart han overført til den italienske klubben Juventus. Både i 1981 og 1982 vart han seriemeister med klubben frå Torino, i den fyrste sesongen sågar klubben sin toppskårar i Serie A med 8 nettkjenningar. Perioden 1982-87 var han aktiv for andre italienske fotballag: 1982-84 Sampdoria, 1984-86 FC Inter og til sist Ascoli. I mars 1987 skreiv han kontrakt med engelske West Ham United. Han fylgde klubben ned i 2. divisjon, la opp våren 1990.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 30. oktober 1974 til 16. mai 1990 spelte Brady 72 landskampar for Irland, skåra 9 mål. Det irske landslaget klarte ikkje å kvalifisere seg til noko internasjonal turnering i hans tid som aktiv spelar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av FA-cupen: 1979 for Arsenal FC
  • Italiensk seriemeister: 1981 og 1982 for Juventus
  • Finalist i Cupvinnarcupen: 1980 for Arsenal FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]