Liepāja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liepāja
Art Nouveau i sentrum av Liepāja
Art Nouveau i sentrum av Liepāja
Byvåpenet til Liepāja
Byvåpenet til Liepāja
Styresmakter
Land Latvia
Først nemnd i
Byrettar
1253
1625
Borgarmeister Aivars Lembergs
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Vatn

60.4 km²
  10,87 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

85 710
  1 419/km²
Koordinatar 56°31′″N 21°0′″EKoordinatar: 56°31′″N 21°0′″E
Diverse anna
Postnummer LV-34(01-13); LV-3414; LV-34(16-17)
Telefon-retningsnummer 634
Heimeside: http://www.liepaja.lv
Plassering
Plassering av  Liepāja

Liepāja (litauisk Liepoja, polsk Lipawa, tysk Libau, russisk Лиепая (Lijepaja), Либава (Libava), Любава (Lybava)) er ein by vest i Latvia ved Austersjøen og det administrative senteret i Liepāja fylke. Det er den største byen i regionen Kurzeme og den tredje største i landet etter Riga og Daugavpils med om lag 85 000 innbyggjarar. Han er ei viktig isfri hamn.

Liepāja er kjend i Latvia som «byen der vinden er fødd», truleg på grunn av den konstante trekken inn frå havet. Omdøme som den mest vindfulle byen i Latvia har har vorte forsterka av det største vindkraftverket i Latvia (33 Enercon vindturbinar) vart bygd i nærleiken.

Liepāja fekk byvåpenet sitt fire dagar etter han fekk bystatus 22. mars 1625.[1] Byvåpenet viser løva av Kurzeme med ein delt hale som lener seg mot eit lindetre med frambeina.

Byen er ein hamneby, og har status som frihamn, med skatteletter for å oppmuntre næringslivet.

Sovjetiske styrkar hadde ein flåtebase her under Sovjetunionen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Liepaja