Hopp til innhald

Liisa Veijalainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liisa Veijalainen


Statsborgarskap Finland
Fødd 4. april 1951 (73 år)
Pikis
Idrett orientering

Liisa Kaarina Veijalainen (fødd 4. april 1951) er ein finsk tidlegare orienteringsløpar frå Piikkiö i Egentliga Finland. Ho vart verdsmeister i 1976 og kom på andreplass i 1978 og i 1979. I VM 1972, 1978 og 1979 deltok ho på Finlands gull-lag i VM-stafett. I 1980 vart ho nordisk meister.

Veijalianen var ankerkvinne på det finske stafettlaget som i VM 1972 i Tsjekkoslovakia slo Sverige med 10 sekund i kampen om gullmedaljen. Etter andreplass i nordisk meisterskap 1975, vann ho gullmedaljen under verdsmeisterskapen 1976 i Aviemore i Skottland. Under VM 1978 på Kongsberg vart ho nummer 2 i den individuelle tevlinga, før det vart gull i stafetten. Året etter kopierte ho desse plasseringane då VM fann stad i heimlandet. I 1980 vart Veijalainen nordisk meister i svenske Borlänge.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • VM 1972: Gull i stafett, nr 6 individuelt
  • VM 1974: Nr 6 individuelt
  • VM 1976: Gull individuelt, sølv i stafett
  • VM 1978: Sølv individuelt, gull i stafett
  • VM 1979: Sølv individuelt, gull i stafett
  • VM 1981: Sølv i stafett, nr 7 individuelt