Lilla Karlsö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lilla Karslö sett frå sjøen.

Lilla Karlsö er ei lita svensk øy i Austersjøen, om lag 3 km vest for Gotland og 4,5 km frå Stora Karlsö. Ho har eit areal på om lag 1,6 km² og er 66 meter høg. Det meste av øya består av eit kalksteinsplatå. delar av strandlinja består av bratte klipper. Øya er hovudsakleg dekt av alvar. Det er òg ein særs gammal lauvskog på øya, som er unik for Gotland. Det er fleire grotter på øya og opp til 16 meter høge kalksteinssøyler.

Øya er mest kjend for det rike fugle- og plantelivet. Det er koloniar med fleire tusen par lomvi og alke. Her er òg planter som er sjeldne i Sverige.

Sidan 1954 er øya eigd av Naturskyddsföreningen og er i dag eit naturreservat. Om sommaren går det turbåtar frå Djupvik 15 km sør for Klintehamn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 57°18′40″N 18°03′40″E