Hopp til innhald

Lilli Bendriss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilli Bendriss
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1946 (78 år)
Hareid
Yrke medium, skribent, TV-personlighet
Nettstad http://www.lillibendriss.com/

Lilli Bendriss (fødd 23. mai 1946) er eit norsk spiritistisk medium, forfattar og TV-personlegdom frå Hareid. Bendriss er kjend for å ha vore med på TVNorge-programmet Åndenes makt som klårsynt gjennom alle tretten sesongane. Som forfattar gav ho, i 2010, ut bøkene Bevissthetsskiftet og Gaven.

I 2021 var Bendriss aktuell med serien Spøkelsesjegerne.[1] Serien blir send på Discovery+ og går ut på at Bendriss og dei to youtuberene Robin Hofset og Victoria Skau reiser og besøkjer mellom anna Gamle Luster Sanatorium, Gamle Fredrikstad fengsel og Gamle Deichmanske bibliotek, for å jakta på spøkelse. Serien fekk terningkast 2 frå VG sin meldar som skildra serien som «ikke engang underholdende tøys».[2]

Våren 2019 deltok ho i realityprogrammet Kjendis søker kjæresteTV2.[3]

Lilli Bendriss bur i Holmenkollen i Oslo.[4]

  1. presseside, Discovery Norways, «Spøkelsesjakt på discovery+», presse.discovery.no (på engelsk), henta 3. november 2021 
  2. «TV-anmeldelse «Spøkelsesjegerne»: Åndenes avmakt», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 3. november 2021 
  3. Solberg, Julie (5. april 2019), «Lilli Bendriss fant kjærligheten: - Vekker den seksuelle energien på nytt», Nettavisen (på norsk), henta 3. november 2021 
  4. Treider, Hans Petter, «Beholder boligen etter bruddet», www.klikk.no (på norsk), henta 3. november 2021