Lima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lima
Horisonten til Lima
Byvåpenet til Lima
Byvåpenet til Lima

Motto
«Hoc signum vere regum est»
Styresmakter
Land
Region
Provins
Peru
Lima
Lima
Geografi
Flatevidd 2 672,3 km²
Innbyggjarar 7 605 742 (2007)
Koordinatar 12°2′36″S 77°1′42″WKoordinatar: 12°2′36″S 77°1′42″W
Tidssone PET (UTC-5)
Diverse anna
Nettstad: www.munlima.gob.pe

Lima er hovudstad og største by i Peru med 7,2 millionar innbyggjarar (2000, inkludert hamnebyen Callao). Byen ligg midt i Peru i nord-sør-retning og ved stillehavskysten.

Sentrum i Lima vart utnemnt til verdsarvsområde av UNESCO i 1991.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lima skal, ifølgje historia, ha vorte grunnlagt av Francisco Pizarro 6. januar 1535 og fekk derfor namn etter dei tre vise mennene: Ciudad de los Reyes eller Los Reyes. Nøye rekna synast grunnlegginga å ha skjedd 12 dagar seinare, men plasseringa av byen vart bestemt 6. januar. Det kastillanske namnet på byen vart bruka i starten, men vart så erstatta med namnet «Lima», som somme trur er ei forvansking av namnet på elva Rímac. (Rímac kjem frå quechua og tyder 'pratsam'). I ein periode var begge namna i bruk på kart.

San Francisco de Asis, kyrkje og kloster i sentrum av Lima

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I havet utanfor byen møtest varme og kalde havstraumar. Om vinteren gjev dette eit konstant disig vêr med høg luftfukt og temperaturar ned mot 14-15 grader. Det regnar mesta aldri, men luftfukta kan falle ut av lufta i form av noko som liknar regn («lluvisna» eller «garuba»). Mot slutten av året, når sommaren kjem, klårnar sikta og temperaturen i desember-februar ligg som oftast på 20-25 grader.

Ei segn i Lima seier at dei invaderande spanjolane hadde spurt lokalbefolkninga kor den beste staden å bygge ein by var, og lokalbefolkninga hadde (som hemn) peika ut plassen der byen ligg. Mange ser på klimaet her som det verste i heile Peru; nokre mil sør for Lima er det mykje meir sol. Lima har berre 1284 soltimar i året, 28,6 timar i juli og 179,1 timar i januar eineståande låge verdiar, vurdert ut frå breiddegrad.[1]

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Turistattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Museum[endre | endre wikiteksten]

Plassar å besøke[endre | endre wikiteksten]

Callao[endre | endre wikiteksten]

I hamnebyen Callao ligg både ei stor hamn og flyplassen til Limas.

Andre historiske plassar[endre | endre wikiteksten]

Folklore[endre | endre wikiteksten]

Mat[endre | endre wikiteksten]

  • Chifa blir kalla den peruvianske varianten av kinesisk matlaging.

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-06-29, henta 22. august 2009