Linda Gytri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linda Gytri
Fødd1980 (40 år)
Verka somtrekkspiller

Linda Gytri (f. 1980) er ein norsk folkemusikar frå Oldedalen i Stryn i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Ho spelar trekkspel, og komponerer eigne låtar. Ho er utdanna utøvande musikar frå Høgskulen i Telemark, avd. Rauland (Raulandsakademiet), og frå Ole Bull Akademiet. Dessutan var ho eit år som utvekslingsstudent ved Sibeliusakademiet i Helsingfors i Finland. I 2010 avslutta ho ein mastergrad i tradisjonskunst hjå Raulandsakademiet. På debutplata Umbra (2012) finn ein utelukkande Gytri sine eigne komposisjonar, framført på solo trekkspel. 27. februar 2015 sleppte ho Audire, for fyrste gong med eigen trio. Med i Linda Gytri Trio er, forutan Gytri sjølv på trekkspel, den finske musikaren Timo Alakotila på piano, og telemarkingen Anders Bitustøyl på kontrabass.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Umbra (Lærdal Musikkproduksjon, 2012)
  • Audire (Linda Gytri Trio) (Lærdal Musikkproduksjon, 2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]