Linear B

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linear B-innskrift.

Linear B er ei stavingsskrift som det mykenske målet, tidleg gresk, vart skrive med. Skrifta vart brukt på Kreta og det greske fastlandet i tidsrommet rundt 1400–1200 f.Kr. Linear B har kring 90 stavingsteikn, ideogram og tallteikn.[1]

Oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Skrifta vart først oppdaga og gjeven namn av den britiske arkeologen Arthur Evans under utgravingar i Knossos på Kreta i 1900. Dei over 4000 tavlene frå Knossos utgjer også den største samlinga av linear B-tekstar. Ein har også gjort store funn ved Pylos (ca. 1000 tavler), Mykene og TirynsPeloponnes, og ved Thebes i Boeotia (ca. 350). Tekstane vart funne innrissa på små leirtavler i palassarkiva. Tavlene er vorte brende til keramikk og såleis verna for ettertida då palassa vart øydelagde ved brann kring 1200 f.Kr.[1]

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Den britiske arkiteten Michael Ventris og filologen John Chadwick påviste i 1952 at språket i linear B-tekstane er det eldste språktrinnet av gresk, mykensk gresk. Somme forskarar meiner at linear B er utvikla frå linear A-skrifta, medan andre ser dei to som parallelle skriftsystem utvikla frå ein felles føreganger.[1]

Skriftsystemet[endre | endre wikiteksten]

Rutenettet nedanfor vart utvikla under desiferinga til Michael Ventris og John Chadwick av dei fonetiske verdiene for stavingsteikna. Det må installerast ein egen font for å sjå spesialteikna som elles viser som ein firkant.[2]

Gjenkjende teikn av formene V, CV[3]
-a -e -i -o -u
𐀀 a

*08

𐀁 e

*38

𐀂 i

*28

𐀃 o

*61

𐀄 u

*10

d- 𐀅 da

*01

𐀆 de

*45

𐀇 di

*07

𐀈 do

*14

𐀉 du

*51

j- 𐀊 ja

*57

𐀋 je

*46

𐀍 jo

*36

k- 𐀏 ka

*77

𐀐 ke

*44

𐀑 ki

*67

𐀒 ko

*70

𐀓 ku

*81

m- 𐀔 ma

*80

𐀕 me

*13

𐀖 mi

*73

𐀗 mo

*15

𐀘 mu

*23

n- 𐀙 na

*06

𐀚 ne

*24

𐀛 ni

*30

𐀜 no

*52

𐀝 nu

*55

p- 𐀞 pa

*03

𐀟 pe

*72

𐀠 pi

*39

𐀡 po

*11

𐀢 pu

*50

q- 𐀣 qa

*16

𐀤 qe

*78

𐀥 qi

*21

𐀦 qo

*32

r- 𐀨 ra

*60

𐀩 re

*27

𐀪 ri

*53

𐀫 ro

*02

𐀬 ru

*26

s- 𐀭 sa

*31

𐀮 se

*09

𐀯 si

*41

𐀰 so

*12

𐀱 su

*58

t- 𐀲 ta

*59

𐀳 te

*04

𐀴 ti

*37

𐀵 to

*05

𐀶 tu

*69

w- 𐀷 wa

*54

𐀸 we

*75

𐀹 wi

*40

𐀺 wo

*42

z- 𐀼 za

*17

𐀽 ze

*74

𐀿 zo

*20

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Mæhlum, Lars (17. september 2015). «linear B». Store norske leksikon. 
  2. Sjå Linear B Font / How to Install and Use the Linear B True Type Font by Curtis Clarke
  3. I lingvistikk står C og V for konsonant (C) og vokalteikn (V) i denne typen kontekst.