Linnéa Myhre
Linnéa Myhre | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. april 1990 (34 år) Molde i Møre og Romsdal |
Yrke | skribent, podkastvert, bloggar |
Ektefelle | Emil Gukild |
Linnéa Myhre på Commons |
Linnéa Solli Myhre (fødd 16. april 1990 i Molde) er ein norsk forfattar og tidlegare skribent som hadde ein av dei mest lesne bloggane i Noreg.[1]
I 2011 vart Myhre kåra til «Norges mest sexy kvinne» av bladet MANN.[2] Same år vann ho prisen «Årets blogger» på både Vixen Blog Awards og Costume Awards.[3]
Saman med Andreas Øverland laga ho NRK-nettserien La Linnéa leve i 2011, der ho tar opp tema psykisk liding og korleis ho har levd med depresjon trass i langvarig psykologbehandling.[4] I 2012 vann serien prisen for «Beste web-TV-serie» under den årlege prisutdelinga til Mediebedriftenes landsforening.[4]
Myhre gav ut romanen Evig søndag i 2012.[5] Psykiske lidingar står sentralt i boka, noko som gjorde at Myhre fekk Tabuprisen av Rådet for psykisk helse same år.[5] I 2014 gav ho ut romanen Kjære.[6]
Skal vi danse
[endre | endre wikiteksten]I 2014 deltok ho i TV 2-programmet Skal vi danse, der ho dansa saman med Alexander Svanberg.[7] Dei enda på tredjeplass.[7] Året etter var ho med som gjestedommar under ein av sendingane.[8]
Melodi Grand Prix Junior 2002
[endre | endre wikiteksten]Som ein del av trioen Mabelin deltok Myhre i den fyrste utgåva av Melodi Grand Prix Junior i 2002 med «Det var en gang».[9] Bidraget enda på tiande- og sisteplass med ti poeng.[9] «Det var en gang» er med på albumet Melodi Grand Prix Junior 2002 som låg ti veker på VG-lista med #4 som beste plassering.[10]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Knapstad, Miriam Lund (31. oktober 2014). «Linnéa Myhre: «Det går til helvete. Vi kommer til å trenge flere psykologer, i hvert fall»». Aftenposten. Henta 12. januar 2016.
- ↑ Kristvik, Elen (26. november 2011). «Linnéa Myhre er Norges mest sexy kvinne». Dagbladet. Henta 12. januar 2016.
- ↑ Lunder, Martine (6. juli 2011). «Linnéa Myhre: - Jeg skal slutte å blogge». Verdens Gang. Henta 12. januar 2016.
- ↑ 4,0 4,1 Arukwe, Adiele (10. mai 2012). ««La Linnéa Leve» vant pris». NRK P3. Henta 12. januar 2016.
- ↑ 5,0 5,1 «Tabuprisen til Linnéa Myhre». Rådet for psykisk helse. 3. desember 2012. Henta 12. januar 2016.
- ↑ Nilsen, Mari Nymoen (23. oktober 2014). «Bokanmeldelse: Linnéa Myhre: «Kjære»». Verdens Gang. Henta 12. januar 2016.
- ↑ 7,0 7,1 Grøtte, Marit; Sandra Marie Kristiansen (8. november 2014). «Linnéas «Dirty Dancing» fikk dommerne til å gråte». TV 2. Henta 12. januar 2016.
- ↑ Eriksen, Stine (9. oktober 2015). «Linnea Myhre stiller som dommer i Skal vi danse». TV 2. Henta 12. januar 2016.
- ↑ 9,0 9,1 Adamsen, Knut Henning (29. mars 2012). «Se så søt surpompen var!». Her og Nå. Henta 12. januar 2016.
- ↑ «Melodi Grand Prix Junior 2002». VG-lista. Henta 12. januar 2016.