Linux mint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Mal:Infobox OS

Linux Mint er eit operativsystem for datamaskin basert på Linux-distribusjonen Ubuntu. Linux Mint legg til mange funksjonar Ubuntu ikkje har som å ha ein meir fulleint standard ved å ha med proprietær programvare[1] mellom anna Java og Adobe Flash nettlesar-tillegget, som ikkje er standard i dei fleste Linux-distribusjonane. På grunn av problem i høve til lisensar er proprietære drivarar for maskinvare som trådlaus-kort ikkje med som standard, men dei kan installerast gratis etter installeringa.[treng kjelde]

Linux Mint introduserte den første utgåva si, «Ada», i 2006. Den seinaste og 14. utgåva er «Nadia». Namna på utgåvene er i alfabetisk rekkefølge (1 er Ada, 2 er Barbara, 3 er Cassandra, osb.)

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Linux Mint byrja i 2006 med ei betautgåve som heitte 1.0 «Ada». Prosjektet var lite kjent på den tida og versjonen hadde aldri ei stabil utgåve.[treng kjelde] Då 2,0 «Barbara» blei utgiven nokre månadar seinare blei mange i Linux-samfunnet merksame på distribusjonen og det byrja å få tilhengarar.[treng kjelde] Med tilbakemeldinga frå det nye samfunnet gav distribusjonen ut ei rask rekke utgåver mellom 2006 og 2008. Fem versjonar kom som følgar: 2,1 «Bea», 2,2 «Bianca», 3,0 «Cassandra», 3,1 «Celena» og 4,0 «Daryna».

Versjon 2,0 «Barbara» var basert på Ubuntu 6,10, med pakkekjeldene deira og med dei som kodebase. Derfrå følgde Linux Mint sin eigen kodebase kor dei bygde kvar utgåve på den før, men heldt fram med å bruka seinaste Ubuntu-utgåve for pakkekjelder. Sånn sett skilde utgåva seg aldri. Dette gjorde at basen mellom dei to systema nesten var identiske og det garanterte at dei to systema var heilt kompatible med einannan.[treng kjelde]

I 2008, byrja Linux Mint å bruke same utgjevingssykluss som Ubuntu og slutta med delversjonar før dei gav ut versjon 5 «Elyssa». Same året, for å gjere dei to systema meir kompatible med einannan, valde Linux Mint å slutta med å bruka kodebasen og endra måten dei bygga utgåvene Frå og med versjon 6 «Felicia» var kvar utgåve heilt basert på siste Ubuntu-utgåve, bygga rett frå ho og gitt ut omtrent ein månad etter den tilsvarande Ubuntu-utgåva (dvs. stort sett mai og november).

I 2010 gav Linux Mint ut Linux Mint Debian Edition. I motsetjing til dei andre Ubuntu-baserte utgåvene var dette direkte basert på Debian og er verken bunden til Ubuntu-pakkar eller utgjevingssyklusen deira.

Utgjevnadar[endre | endre wikiteksten]

Det er to Linux Mint-utgjevnadar i året. Kvar utgjeving får eit versjontal og eit kodenamn, med eit jentenamn som byrjar med bokstaven som tilsvarar versjontalet i alfabetet og sluttar med «a» (f.eks., «Elyssa» for versjon 5, «Felicia» for versjon 6).

Linux Mint fortel ikkje om konkrete utgjevingsdatoar. Utgjevnadar blir varsla «når dei er klare», dei kan koma tidleg eller seint viss kritiske feil blir funne. Utgjevnadar er planlagde å vere klare kring ein månad etter Ubuntu-utgjevnadar. Noverande store utgåve er Linux Mint 14 «Nadia», som blei gitt ut 20. november 2012.


Versjon Kodenamn Utgjevingsdato Støtta til
1.0 Ada 27.8.2006 Forelda sia april 2008.
2.0 Barbara 13.11.2006 Forelda sia april 2008.
2.1 Bea 20.12.2006 Forelda sia april 2008.
2.2 Bianca 20.2.2007
3.0 Cassandra 30.5.2007 Forelda sia oktober 2008.
3.1 Celena 24.9.2007
4.0 Daryna 15.10.2007
5 LTS Elyssa 8.6.2008 Forelda sia april 2009.
6 Felicia 15.12.2008 Forelda sia april 2010.
7 Gloria 26.5.2009 Forelda sia oktober 2010.
8 Helena 29.11.2009 Forelda sia april 2011.
9 LTS Isadora 18.5.2010[2] Langtidsstøtta (LTS), støtta til april 2013.
10 Julia 12.11.2010[3] Forelda sia april 2012.
11 Katya 26.5.2011[4] Forelda sia oktober 2012.
12 Lisa 26.11.2011[5] Støtta til april 2013.
13 LTS Maya 23.5.2012[6] Langtidsstøtta (LTS), støtta til april 2017.
14 Nadia 20.11.2012[7] Støtta til april 2014.

Funksjonar[endre | endre wikiteksten]

Linux Mint brukar stort sett fri programvare med open kjeldekode, med unntak av noka proprietær programvare som tilleggsmodular og kodeksar som gir Adobe Flash-, Java-, MP3-, og DV-avspeling.[8][9] Det at Linux Mint har med proprietær programvare er uvanleg, dei fleste Linux-distribusjonane har ikkje proprietær programvare som standard, då eit vanleg mål for Linux-distribusjonar er å berre ha fri programvare med open kjeldekode.

Linux Mint har mykje programvare installert på førehand, mellom anna LibreOffice, Firefox, Thunderbird, XChat, Pidgin, Transmission og GNU biletbehandlingsprogram. Anna programvare som ikkje er installert som standard kan lastast ned frå pakkehandsamaren. Linux Mint lét netverksportar vera lukka med brannmuren sin, som let deg velja kva port du vil bruka. Standardskrivebordsmiljøa i Linux Mint, MATE og Cinnamon, støttar mange språk.[10][11]

Linux Mint er tilboden med fleire skrivebordsmiljø å velja mellom, mellom anna Cinnamon, MATE, KDE Plasma-skrivebordet og Xfce. Andre skrivebordmiljø kan installerast med APT.

Linux Mint utviklar aktivt programvare til operativsystemet. Mesteparten av utviklinga er i Python med kjeldekoda tilboden i GitHub.[12]

Programvare som er utvikla av Linux Mint[endre | endre wikiteksten]

Oppdateringshandsamaren til Linux Mint.
Programvarehandsamaren til Linux Mint lét brukarar sjå og installera programvare frå programvareportalen rett frå skrivebordet.
  • Cinnamon : Ei deling av GNOME Shell basert på nyskapingane i Mint Gnome Shell Extensions (MGSE). Utgiven som eit tillegg til Linux Mint 12 og tilboden som eit standardmiljø sia Linux Mint 13.[13]
  • Programvarehandsamar (mintInstall) : Køyrer .mint-filar, som er filar med instruksjonar for å installera pakkar. Etter Linux Mint 6 har dette verktøyet blitt ombygd sånn at ein kan sjå alle programma i Mint Software Portal utan internett, så lenge ein har eit internett-samband for å lasta informasjonen ned først. Lét deg òg installera all programvaren i lista rett frå skrivebordet, i staden for å gå til nettstaden. Valet om å bruka det gamle MintInstall-programmet er der; herfra kan ein søka i Ubuntu-kjeldene eller Getdeb.net-nettstaden.
  • Oppdateringshandterar (mintUpdate) : Designa for å hindra uerfarne brukarar frå å installera oppdateringar dei ikkje treng eller som krev ein del kunnskap for å setta opp skikkeleg. Han gir oppdateringane eit sikkerheitsnivå (frå 1 til 5) basert på kor stabil og naudsynt oppdateringa er. Oppdateringane kan settast opp for å varsla brukarane (som er standard), vere lista opp men ikkje varsla om, eller vera bortgøymde til vanleg. I tillegg til å ha med oppdateringar for Linux Mint-distribusjonen testar utviklarlaget alle pakkeoppdateringar.
  • Hovudmeny (mintMenu) : Ein avansert meny med filtrering, installasjon og fjerning av programvare, lenkar til system og stader, favorittar, økthandsaming, ting ein kan endra, sjølvvalde stader og mange val for oppsettet. Dette er òg overførd til MATE i Linux Mint 12 (Lisa).[14]
  • Trygleikskopiverktøy (mintBackup) : Lét brukaren ta trygleikskopiar og gjenoppretta data, i tillegg til å oppgradere til nyare utgåver med reine installasjonar.
  • Opplastingsrettleiar (mintUpload) : Definerar opplastingstenestar for FTP-, SFTP- og SCP-tenester. Tenestene er då tilgjengelege i panelet og har område kor dei kan automatisk lastast opp til dei tilsvarande måla.
  • Domeneblokkerar (mintNanny) : Eit grunnleggande domeneblokkerande foreldrekontrollverktøy. Lét brukaren manuelt legga til domene som skal blokkerast over heile systemet. Dette verktøyet kom først med Linux Mint 6.
  • Skrivebordsinnstillingar : Eit oppsettverktøy for enkelt oppsett av skrivebordet.
  • Velkomstskjerm (mintWelcome) : Kom først med Linux Mint 7, eit program som startar første gong ein ny brukarkonto loggar på. Han visar ein dialog for å ønska brukaren velkommen til Linux Mint og har lenker til Linux Mint-nettstaden, brukarrettleiing og samfunnsnettstad.
  • Verktøy for ombygging (mintConstructor) : Eit verktøy for å bygga Linux Mint om. Det er ikkje installert som standard i noken Linux Mint-utgåve men finst i kjeldene og kan brukast av utviklarar for å laga ISO-filer. Brukarar som vil laga sitt eige system basert på Linux Mint kan gjera det med dette verktøyt.
  • GNOME-skalutvidingar til Mint (MGSE): Eit skrivebordslag oppå GNOME 3 som får det til å kjennast som GNOME 2. Har mellom anna eit botnpanel, ein programmeny, vindaugelista, hendingsorientert skrivebord (skiftar mellom vindauge, ikkje program) og ikon i systemtrauvet. Det er laga for å gje brukarar eit meir tradisjonelt skrivebordsmiljø. Dette kom med i Linux Mint i versjon 12 (Lisa).[15][16]

Installasjon[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis blir Linux Mint installert med LiveDistroen.[17] Linux Mint-systemet kan køyrast rett frå kompaktplata (men med eit stort prestasjonstap), for å la ein brukar «prøvekøyra» operativsystemet for kompatibilitet med maskinutstyret og drivarar. Kompaktplata har òg Ubiquity-installatøren, som kan rettleia brukaren gjennom å installera systemet permanent.

Hovudutgåva Linux Mint er tilboden i 32-bit og 64-bit. Kompaktplatebilete for å installera kan lastast ned gratis, eller installasjonplater kjøpt av tredjepartsselgarar.[18][19] Linux Mint kan òg køyra frå ein minnepinne, med valet om å lagra innstillingar til minnepinnen. Dette tillét ein berbar installasjon som kan køyra på alle PDar som kan starta opp frå ein minnepinne. USB-lagar-programmet er tilbode for å installera Linux Mint (Ubuntu, not LMDE) på ein minnepinne.

Eit Microsoft Windows migreringsverktøy, Migration Assistant , kan brukast for å importera bokmerke, skrivebordsbakgrunn, og ymse innstillingar frå ein eksisterande Windows-installasjon til ei ny Linux Mint-installasjon.

Windows-installasjonsprogrammet «Mint4Win» kjem med LiveDistroen og lét ein installera Linux Mint inni Microsoft Windows, som Wubi-instalasjonsprogrammet for Ubuntu. Operativsystemet kan så slettast på same måte som anna Windows-programvare med Kontrollpanelet for Windows. Denne måten krev ingen partisjonering av harddisken. Han er berre nyttig for Windows-brukarar, han er ikkje meint for permanente installasjonar då han har litt prestasjonssvikt.

Installeringa støttar ikkje LVM eller disk-kryptering.

UTF-8 er standardteiknkodinga og støttar mange ikkje-romanske skriftspråk.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Linux Mint har fleire versjonar som er basert på Ubuntu, med fleire skrivebordmiljø tilgjengelege. Linux Mint har òg ein versjon basert på Debian.

Hovudutgåva[endre | endre wikiteksten]

Frå og med versjon 13, gir Linux Mint brukarane valet mellom Cinnamon ogMATE[20] som standardmiljøet i hovudutgåva, basert påUbuntu. Linux Mint utviklar òg utgåver med KDE-Plasmaskrivebordet og Xfce-skrivebordsmiljøet som standard.[21][22]

OEM[endre | endre wikiteksten]

Distribusjonen har òg ein OEM-versjon[23] som er retta måt distributørar[treng kjelde].

Ingen kodeksar[endre | endre wikiteksten]

Distribusjonen har ein «kodeksfri» versjon, tidlegare kjend som den «universelle utgåva[24]» for blad, selskap og distributørar i SS, Japan og land kor det er lov å ta patent på programvare og å fordela lukka teknologi kan krevja at ein skaffar seg ein tredjepartslisens.[25] Multimediakodeksar kan installerast når som helst frå velkomstskjermen.

Linux Mint Debian Edition[endre | endre wikiteksten]

Linux Mint Debian Edition (LMDE) er basert på Debian Testing i staden for Ubuntu. Hensikten med LMDE er å vera identisk til hovudutgåva og å ha same funksjonar med Debian som grunnlag.[26] LMDE er tilboden med MATE-, Cinnamon-, og Xfce-skrivebordsmiljøa.[27][28] LMDE brukar ei delvis rullande utgåve som utviklingsmodell, ulikskapen er at, i motsetjing til Debian Testing som får oppdateringar heile tida, har Linux Mint «Oppdateringspakkar» som er testa bilete av Debian Testing.[26] Linux Mint Debian Edition brukar ikkje Debian si pakkekjelde, men har si eiga.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «DistroWatch.com: Linux Mint». http://distrowatch.com/table.php?distribution=mint. 
  2. «Linux Mint 9 "Isadora" released!». 2010. http://www.linuxmint.com/blog/?p=1403. Henta 18 May 2010. 
  3. «Linux Mint 10 "Julia" released!». 2010. http://blog.linuxmint.com/?p=1581. Henta 12 November 2010. 
  4. «Linux Mint 11 "Katya"!». 2011. http://blog.linuxmint.com/?p=1665. Henta 22 February 2011. 
  5. «Linux Mint 12 "Lisa"!». 2011. http://blog.linuxmint.com/?p=1889. Henta 16 November2011. 
  6. «Linux Mint 13 "Maya"!». 2012. http://blog.linuxmint.com/?p=2031. Henta 24 May2012. 
  7. «Linux Mint 14 "Nadia" released!». 2012. http://blog.linuxmint.com/?p=2216. Henta November 20, 2012. 
  8. Linux Mint OSS: Kva med proprietær programvare?
  9. Vaughan-Nichols, Steven (6 January 2012). «Fedora, Mint, openSUSE, Ubuntu: Which Linux desktop is for you? - Computerworld». Computerworld. https://www.computerworld.com/s/article/9222979/Fedora_Mint_openSUSE_Ubuntu_Which_Linux_desktop_is_for_you_?pageNumber=4. Henta 17 July 2012. 
  10. «MATE Desktop Environment localization». https://www.transifex.com/projects/p/MATE/. 
  11. «Cinnamon 1.4 released». http://cinnamon.linuxmint.com/?p=182. 
  12. «The Linux Mint GitHub repository». http://www.github.com/linuxmint. Henta 2010-05-12. 
  13. «The Linux Mint Blog » Blog Archive » Introducing Cinnamon». blog.linuxmint.com. 2012-01-02. http://blog.linuxmint.com/?p=1910. Henta 2012-01-10. 
  14. «Misc. News». http://blog.linuxmint.com/?p=1875. Henta 20 November 2011. 
  15. «The Linux Mint Blog » Blog Archive » Linux Mint 12 Preview». Blog.linuxmint.com. 2011-11-04. http://blog.linuxmint.com/?p=1851. Henta 2012-01-01. 
  16. «New features in Linux Mint 12». http://www.linuxmint.com/rel_lisa_whatsnew.php#gnome3. Henta 13 November 2011. 
  17. «Installing Linux Mint». Happysysadm.com. 2011-06-30. http://www.happysysadm.com/2011/06/installing-linux-mint-11.html. Henta 2012-01-01. 
  18. «OSDisc.com». 2010. http://www.osdisc.com. Henta 12 May 2010. 
  19. «On-Disk.com». 2010. http://www.on-disk.com. Henta 12 May 2010. 
  20. «New features in Linux Mint 12». Linux Mint Blog. http://www.linuxmint.com/rel_lisa_whatsnew.php#gnome3. Henta 2 December 2011. 
  21. «Linux Mint 13 "Maya" KDE RC released!». http://blog.linuxmint.com/?p=2081. 
  22. «Linux Mint 13 "Maya" Xfce RC released!». http://blog.linuxmint.com/?p=2077. 
  23. «Editions for Linux Mint 9 "Isadora"». 2010. http://www.linuxmint.com/download.php. Henta 17 July 2012. 
  24. «Download - Linux Mint». 2010. http://www.linuxmint.com/release.php?id=13. Henta 17 July 2010. 
  25. Last ned - Linux Mint
  26. 26,0 26,1 «Linux Mint Debian 201204 released!». http://blog.linuxmint.com/?p=1979. 
  27. «Linux Mint Debian 201204 RC (MATE/Cinnamon & Xfce) released!». http://blog.linuxmint.com/?p=1967. 
  28. «Download-Linux Mint». http://www.linuxmint.com/download_lmde.php. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Linux mint


Tux.svg
Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio