Hopp til innhald

Kubuntu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kubuntu


Utviklar(ar)Canonical
Utgjeve8. april 2005
Nyaste versjon24.04 LTS (25. april 2024)[1]
Plattformx86, x86_64, ARM
Bygger påUbuntu
SkrivebordsmiljøKDE Plasma 5
LisensGNU General Public License
Nettstadhttps://kubuntu.org/

Kubuntu er ein versjon av Linux-distribusjonen Ubuntu, som nyttar skrivebordsmiljøet KDE.

Skilnadar frå Ubuntu[endre | endre wikiteksten]

Den største skilnaden frå Ubuntu er at Kubuntu nyttar KDE skrivebordsmiljø. Det er òg nokre skilnadar i kva programvare som er installert, men mykje av dette kan endrast ved å installera eller avinstallera tilleggsprogramvare.

Farge Tyding
Grøn Begge
Orange Ubuntu standard
Blå Kubuntu standard
Programvare Ubuntu Kubuntu
Kjerne Linux
Vindaugesystem X.Org Server / Wayland
Vindaugehandsamar Mutter KWin
Skrivebordsmiljø GNOME KDE Plasma
Klassebibliotek GTK Qt
Lydhandsaming ALSA, PulseAudio, JACK
Multimedia GStreamer
Nettlesar Firefox
Kontorpakke LibreOffice
e-mail og PIM Thunderbird

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Farge Tyding
Raud Utgåver som ikkje lenger vert vedlikehaldne
Gul Utgåver som framleis vert vedlikehaldne
Grøn Siste utgåve
Blå Framtidige utgåver

Kubuntu fyljer same namn og versjonnumerering som Ubuntu, der kvar utgåve har eit kodenamn og eit versjonsnummer (tufta på året og månaden utgåve vart innført). Dei fleste utgåvene vert vedlikehaldne i 18 månadar, men langvedlikehaldsversjonar, merkte med LTS (Long Term Support), vert vedlikehaldne i 3 år for arbeidsstasjonar og 5 år for tenarar.

Versjon Utgjevingsdato Kodenamn Vedlikehalden til Kommentarar
5.04 2005-04-08. Hoary Hedgehog 2006-10-31 Fyrsteutgåva, med KDE 3.4 og fleire KDE-program. Nokre av desse, som til dømes Amarok, Kaffeine, Gwenview og K3b, var ikkje ein del av den offisielle KDE-utgåva. Utgåva inkluderte programoppdateringshandsamaren Kynaptic, som var kompatibel med Kickstart.
5.10 2005-10-13[2][3] Breezy Badger 2007-04-13 KDE 3.4.3 nytta konfigurasjonsverktøyet Guidance og programoppdateringshandsamaren Adept nytta «debtags», som hadde ein brukbar søkefunksjon. Andre nyheiter var KDE Bluetooth, ein grafisk boot-skjerm med progresjonsstripe (USplash), OEM installasjonsstøtte og så vidare.
6.06 LTS Arkivert 2008-12-24 ved Wayback Machine. 2006-06-01. Dapper Drake 2009-06 Langvedlikehaldsversjonar (LTS), med Ubiquity installeringsverktøy, Adept mellingssystem, X Display konfigurasjonsverktøy og forbetra støtte for asiatiske språk, etc.
6.10 2006-10-26 Edgy Eft 2008-04 KDE 3.5.5. Denne utgåva var utstyrt med Digikam fotohamdsaming of tilgangsprofilar med støtte for funksjonshemma brukarar. Det var endringar i systeminnstillingane, effektkontrollen, nettverk og støtte for bærbare maskinar. Ei anna oppdatering var automatisk feilrapportering og oppstart.
7.04 Arkivert 2008-10-04 ved Wayback Machine. 2007-04-19[4] Feisty Fawn 2008-10 KDE 3.5.6, Migrasjonsassistent, KVM, ny codec/drivar-installasjon, Systemkonfigurasjonen var del i to katagoriar: general og advansert. Det var betre støtte for Hewlett-Packard skrivarhandsaming, KNetworkManager, støtte for WPA. Det var eit forbetra hjelpesystem, organisert etter emne, støtte for OEM-oppdatering. Utgåva hadde ikkje offisiell støtte for PowerPC.
7.10 Arkivert 2008-12-29 ved Wayback Machine. 2007-10-18. Gutsy Gibbon 2009-04-18 Ny bakgrunnsgrafikk, Strigi og Dolphin (filhandsamar, Qt-utgåve av grafikkinstallasjonsverkøytet GDebi. Det vart innført ein drivarhandsamar.
8.04  Arkivert 2009-01-23 ved Wayback Machine. 2008-04-24[5] Hardy Heron 2009-10. På grunn av at ein gjekk frå KDE 3 til KDE 4 var det to versjonar av 7.10, ein med KDE 3.5 og ein med KDE 4.0. Kubuntu Hardy var difor ikkje ei LTS-utgåve [1] Arkivert 2012-02-29 ved Wayback Machine.. Denne versjonen tol sikte på å vera meir kompatibel med Ubuntu, som nyttar GNOME skrivebordsmiljø.[6]. Mellom desse endreingane var KDM, automatisk skrivardeteksjon og ein Qt-basert dialog for skrivarkonfigurasjon, og enklare codekinstallasjon i Kaffeine. I denne versjonen vart muspeikaren automatisk gripen tak i og slepp når operativsystemet kjøyrde i VMware.
8.10 Arkivert 2015-07-03 ved Wayback Machine. 2008-10-30 Intrepid Ibex 2010-04-30 Denne versjonen hadde Linux-kjerne v. 2.6.27, Xserver 1.5 og KDE 4.1.2, med KWin, som standard skrivebordmiljø, Adept 3 pakkehandsamingsverktøy, KNetworkManager 0.7.
9.04 2009-04-23 Jaunty Jackalope 2010-10 Denne versjonen hadde Linux-kjerne v. 2.6.28, Xserver 1.6, KDE 4.2.2 som standard skrivebordmiljø, KPackageKit i staden for Adept[7] og ext4 filsystem[8]. Det var ikkje-offisiell støtte for PowerPC [9]
9.10 2009-10-29 Karmic Koala 2011-04-28 Nytta Linux-kjerne 2.6.31, GRUB 2, og KDE 4.3.2 skrivebordsmiljø.
10.04 LTS Arkivert 2015-06-11 ved Wayback Machine. 2010-04-29 Lucid Lynx 2013-04 LTS-utgåve. Nytta Kernel 2.6.32, KDE 4.4.2 skrivebordsmiljø, KPackageKit 0.5.4 og Firefox nettlesar.
10.10 Arkivert 2010-10-12 ved Wayback Machine. 2010-10-10 Maverick Meerkat 2012-04 Nytta KDE 4.5, snøggare innlogging, Kpackagekit, oppdatert innstallerings og ei ny oppdatert Blåtann. Standard nettlesar var endra til Rekonq. PulseAudio audiotenar.
11.04 Arkivert 2014-07-15 ved Wayback Machine. 2011-04-28 Natty Narwhal 2012-10 Nytta Linux.kjerne v. 2.6.38KDE SC 4.6, GStreamer for Phonon.
11.10 Arkivert 2014-04-21 ved Wayback Machine. 2011-10-13 Oneiric Ocelot 2013-04 Nytta Linux.kjerne v. 3.0.3, KDE SC 4.7 skrivebirdsystem, OpenGL ES, Muon Software Centre, Kdepim 4.7.2[10]
12.04 LTS Arkivert 2014-05-13 ved Wayback Machine. 2012-04-26 Precise Pangolin 2017-04 Den 3. Kubuntu-utgåva med langtidsstøtte (LTS). KDE SC 4.8 Kernel 3.2.0.
12.10 Arkivert 2012-10-21 ved Wayback Machine. 2012-10-18 Quantal Quetzal 2014-04 LibreOffice 3.6.2.2., Rekonq 1.1, KDE SC 4.9.2
13.04 Arkivert 2013-08-04 ved Wayback Machine. 2013-04-25 Raring Ringtail 2014-01 [11] KDE SC 4.10, Muon Suite 2, LibreOffice 4, Optional Homerun launcher, innbygd MTP-støtte
13.10 Arkivert 2012-10-21 ved Wayback Machine. 2013-10-17 Saucy Salamander 2014-06 KDE SC 4.11.2, LibreOffice 4.1.2 rc3
14.04 LTS 2014-04-17 Trusty Tahr 2019-04 LTS-utgåve. KDE SC 4.13.0, LibreOffice 4.2.3.3, Standard nettlesar endra attende til Firefox
14.10[daud lenkje] 2014-10-23 Utopic Unicorn 2015-06 KDE SC 4.14, KDE Plasma 5 (teknisk test)
15.04 2015-04-23 Vivid Vervet 2015-12 KDE Plasma 5.2.2
15.10 2015-10-22 Wily Werewolf 2016-06 KDE Plasma 5.4, Firefox 41.0, LibreOffice 5.0
16.04 LTS 2016-04-21 Xenial Xerus 2019-04 KDE Plasma 5.5, Firefox 45, LibreOffice 5.1
16.10 2016-10-13 Yakkety Yak 2017-06 Linux-kjerne 4.8, KDE Plasma 5.7.5, KDE Applications 16.04.3, KDE Frameworks 5.26.0, Firefox 49, LibreOffice 5.2
17.04 2017-04-13 Zesty Zapus 2018-01 Linux-kjerne 4.10, KDE Plasma 5.9, KDE Applications 16.04.3, KDE Frameworks 5.26.0, Firefox 52, LibreOffice 5.3
17.10 2017-10-19 Artful Aardvark 2018-07 KDE Plasma 5.10, KDE Applications 17.04.3, KDE Frameworks 5.38, LibreOffice 5.4.1, Firefox 56, Linux Kernel 4.13
18.04 LTS 2018-04-26 Bionic Beaver 2021-04 KDE Plasma 5.12 LTS
18.10 2018-10-18 Cosmic Cuttlefish 2019-07 KDE Applications 18.04.3, KDE Plasma 5.50, LibreOffice 6.1.2, Firefox 63
19.04 2019-04-18 Disco Dingo 2020-01 KDE Applications 18.12.3, KDE Frameworks 5.56, LibreOffice 6.2.2, Firefox 66, KDE Connect 1.3.4, KDevelop 5.3.2, Krita 4.1.7
19.10 2019-10-17 Eoan Ermine 2020-07 KDE Applications 19.04.3, KDE Frameworks 5.62, LibreOffice 6.3, Firefox 69
20.04 LTS 2020-04-23 Focal Fossa 2023-04 KDE Frameworks 5.68.0, LibreOffice 6.4.2.2, Firefox 75
20.10 2020-10-22 Groovy Gorilla 2021-07 KDE Frameworks 5.74.0, LibreOffice 7.0.2, Firefox 82
21.04 2021-04-22 Hirsute Hippo 2022-01 KDE Frameworks 5.80, LibreOffice 7.1, Firefox 87
21.10 2021-10-15 Impish Indri 2022-07 KDE Gear 21.08, KDE Frameworks 5.86, LibreOffice 7.2, Firefox 92
22.04 LTS 2022-04-21 Jammy Jellyfish 2025-04 KDE Gear 21.12.3, KDE Frameworks 5.92, LibreOffice 7.3.2.2, Firefox 99
22.10 2022-10-20 Kinetic Kudu 2023-07 KDE Gear 22.04.1, LibreOffice 7.4, Firefox 103, KDE Frameworks 5.95


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kubuntu 24.04 LTS Noble Numbat Released» (på engelsk). 25. april 2024. Henta 28. april 2024. 
  2. Announcing the Ubuntu 5.10 release, lists.ubuntu.com. (vitja 105-2012)
  3. 5.10 Release Notes, ubuntu.com. (vitja 105-2012)
  4. FeistyFawn, ubuntu.com. (vitja 105-2012)
  5. HardyReleaseSchedule, ubuntu.com. (vitja 105-2012)
  6. Kubuntu Hardy Catchup – Ubuntu Wiki Arkivert 2013-11-11 ved Wayback Machine., wiki.kubuntu.org (vitja 10/5-2012)
  7. Farewell, Adept, web.mornfall.net (vitja 10/5-2012)
  8. Kubuntu Arkivert 2015-09-08 ved Wayback Machine., wiki.kubuntu.org (vitja 10/5-2012)
  9. Kubuntu 9.04 Out in the Wild, kubuntu.org (vitja 10/5-2012)
  10. ReleaseNotes Arkivert 2013-11-11 ved Wayback Machine., wiki.kubuntu.org (vitja 10/-2012)
  11. Sneddon, J.E., Support period for ‘regular’ Ubuntu releases halved, omgubuntu.co.uk, 20/3-2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kubuntu


Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | IPCop | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Mint | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Tango Studio | Trustix | Ubuntu | Ubuntu Studio | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk  | 64 Studio