Litlos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°5′37″N 7°8′13″E

Litlos is located in Hordaland
Litlos avmerkt på kart over Hordaland

Litlos er ei turisthytte som ligg nord for LitlosvatnHardangervidda, i Ullensvang herad i Hordaland fylke. Hytta ligg om lag 1180 m.o.h., og er eigd av Den Norske Turistforening. Litlos er som regel betjent rundt påske, og i sommarsesongen. Resten av året er ho sjølvbetjent.

Litlos er ein gamal støl for gardane Meland og Brattespe på austsida av Sørfjorden i Ullensvang. Det vart bygt DNT-hytte her i 1922. I 1927 vart hytta betjent, og i 1969 vart hytta utvida og påbygt. Noverande styrar er Jarle Viskjer frå Skare i Odda.

Den lettaste måten å koma seg til Litlos på er å køyra frå Røldal inn Valldalen til Middalsbu. Derifrå er det om lag 7 timar å gå til Litlos.

Frå Litlos er det mogleg å gå til både Hellevassbu, Tyssevassbu, Sandhaug, Besso, Hadlaskard og Torehytta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]