Liv Gulbrandsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Liv Gulbrandsen
Fødd 15. februar 1974
Yrke Forfattar, programleiar, dagleg leiar

Liv Gulbrandsen (fødd 15. februar 1974) er ein norsk barnebokforfattar og medieperson. Ho har tidlegare vore nestleiar i RV, og sat i bystyret i Oslo 2003-2007.[1]

Gulbrandsen var aktiv i nærradio, som Radio express i Sandvika, Radio Otek i Ghana og RadiOrakel før ho blei tilsett i NRK P3. Her var ho programleiar for morgonprogrammet Holger Nilsens metode.

Gulbrandsen debuterte som barnebokforfattar i 2006 med Rebekka : den natta jeg ble født. I 2008–09 var ho programleiar for Barne-TVNRK. Ho var ei tid marknadsføringssjef i Klassekampen.[2] Frå 2009 var Gulbrandsen dagleg leiar i Norsk Filmforbund og frå mars 2011 dagleg leiar i Leser søker bok.[3]

Gulbrandsen er dottera til dei tidlegare sentrale AKP-medlemane Jorun Gulbrandsen og Tron Øgrim.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2006 – Rebekka : den natta jeg ble født
  • 2007 – Jubalong : rød, gul, god morgen!

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettstaden til Oslo kommune
  2. NRK - Henta 17. mars 2013
  3. Nettstaden til Leser søker bok; besøkt 11. mars 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]