Livré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Livré med tre delar
Tenar i livré (januar 1931)
Foto: Deutsches Bundesarchiv), Bild 102-10965 / CC-BY-SA 3.0

Livré eller livre (frå fransk for ‘utlevert’) er ein uniformstype for ein mannleg tenar i eit herskapshus.[1] Omgrepet viste opphavleg til kapper (gjerne med pelskrage) som den franske kongen delte ut ved større årlege festlege høve til bannerherrar og riddarar.

Seinare gjekk uttrykket over til å visa til uniformsaktige drakter brukt av finare tenarskap og væpnarar. Dei var haldne i særskilde fargar, til dømes i våpenfargane til adelsslekta dei tente. Ein kunne også ha meir detaljerte element frå heraldikken til slekta på kleda, også i små detaljar som prega på knappane.

I Europa var livré-moten lenge dominert av impulsar frå det franske hoffet i Versailles. I tillegg til kvardagslivréet kunne ein ha livrésett meint for meir høgtidelege tilstellingar, og dessuten morgonlivrear.

Livrear eller inspirerte drakter er blitt tekne var på i fleire samanhegnar, til dømes ved mange moderne hoff og ved hotell (dørvakter, portnarar, resepsjonistar, piccoloar).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Heinrich XXVIII. Prinz Reuß zu Köstritz: Der korrekte Diener. Handbuch für Herrschaften und deren Diener. Parey, Berlin 1900 (Tekst i Wikisource)
  • Marieluise Kliegel: Des Dieners alte Kleider. Livreen und Livreeknöpfe – ausgewählte Beispiele deutscher Adelshöfe des 19. Jahrhunderts. Vereinigte Westfälische Adelsarchive, Münster 1999 (zugl. Münster (Westfalen), Univ., Diss., 1997)
  • Des Kaisers teure Kleider. Festroben und Ornate, Hofuniformen und Livreen vom frühen 18. Jahrhundert bis ins Zeitalter von Franz Joseph I. und Elisabeth. Katalog zur Ausstellung des Kunsthistorischen Museums Wien und des Reiss-Museums Mannheim 2000/2001. Wien/Mannheim 2000, ISBN 3-85497-010-2