Tenestefolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tenestejente som hellar mjølk av Johannes Vermeer.
Das Dienstpersonal av Friedrich Wahle.
Ertappt av Evert Jan Boks. Ein mann er misnøgd med tenestefolket sitt.

Tenestefolk eller tenar (av norrønt þénari) er einkvan som er tilsett i eit hushald for å gjera visse praktiske oppgåver. Tenarar bur ofte i eller nær hushaldet dei tener i.

Arbeidsoppgåvene til ulike tenarar kan variera mykje. Dei kan gå ut på å hjelpa med personlege oppgåver, barnepass og utdanning, reinhald av hus og klede, matlaging og servering, vedlikehald av eigedom og eigedelar, reise og oppsyn, oppvarting og underhaldning, og mange former for gardsarbeid. Større, velståande hushald kan ha fleire tenarar med kvar sine avgrensa oppgåver. Mindre hushald kan ha ein eller to tenarar som tek seg av mange ulike oppgåver.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I norrøn tid var ein huskar ein fri, mannleg tenar. Skutelsvein kunne visa til ein tenar som varta opp ved måltid, eller til ein hirdmann av høg rang. Trælar var ufrie folk som kunne utføra tenaroppgåver.

I mellomalderen kunne gutar frå adelen vera pasjar som tente hjå ein annan adelsfamilie enn sin eigen. Som løn for tenesta fekk dei opplæring i danning og nyttige emne.[1][2] Adelege kvinner kunne gjera ein liknande teneste som hoffdamer.

Gjennom mellomalderen og tidleg moderne tid utvikla det seg ulike tenarstillingar, som lakei, ein tenar i livré, footman, ein liknande type uniformert tenar og butler eller hovmeister, ein tenar med ansvar for dei andre tenarane i eit større hushald. Ein hushaldar eller hushalderske kunne ha særskild oppsyn med dei tenarane som vedlikeheldt huset. Ein tenar som hjelpte herskapet med personleg stell og klesdrakt blei kalla kammertenar. Selskapsdamer kunne ha som hovudrolle å vera til stades og gjera små tenester for herskapskvinner.

Det fanst særskilde tenarar for særskilde roller, som kokk eller kokke for å laga mat, amme for å dia småborn, barnepassar for å passa dei og guvernante eller huslærar for å utdanna dei i heimen. Ein sekretær kunne ta seg av kontorarbeid og korrespondanse. Gartnarar kunne ta seg av hagar og parkar. Kuskar og seinare sjåførar kunne stå for vedlikehald og bruk av vogner og bilar. Ein kunne også ha til dømes musikarar som tenarar.

Mindre hushald kunne ha færre tenarar som gjorde meir variert, praktisk arbeid. På norske gardar i gamle dagar kunne ein ha nokre få tenarar, der kvinner blei kalla tenestejente eller taus og menn blei kalla tenestegut, gardsgut eller (teneste)dreng.

Seinare kunne familiar i byane ha nokre få eller berre ein tenar kalla hushjelp. I moderne samfunn med mange hushaldningsmaskinar og andre hjelpemiddel er det blitt mindre vanleg å ha tenarar, men det finst mange som har service- eller tenesteyrke i større verksemder.

Ord som er avleidde frå tenarnemningar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tuchman, Barbara W. (1979). A Distant Mirror - the Calamitous 14th Century. s. 52 & 62. ISBN 0-14-005407-3. 
  2. Chambers, David (1985). The English House. London: Guild Publishing. s. 34. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tenestefolk