Krinoline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjematisk teikning frå 1856 som viser krinoline med ytter- og underklede.

Krinoline er eit avstiva underskjørt for kvinner frå 1800-talet, typisk med form som eit klokkeforma stativ. Krinolinen oppstod på 1820-talet og var i bruk til byrjinga av 1870-åra. Motedrakten som blei boren over underskjørtet blei kalla krinoline-kjole eller berre krinoline.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Hestehårskrinoline frå 1840-talet, no ved Metropolitan Museum of Art.
Krinoline frå 1860-1870, no ved MoMu i Antwerpen.

Ordet krinoline kjem frå fransk crinoline og italiensk crinolino, som igjen er danna av dei latinske orda crinis, 'hår', og linum, 'lin'.[1]

«Krinoline» kan også visa til eit konisk forma understell eller berestativ til mindre kanonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første krinolinane var laga av lerretstoff med innvevd hestehår og renning av lin. Typen er kjend frå ca. 1839. Seinare brukte ein andre stive materiale, som kvalbein, grasrøyr, guttaperka, naturgummi og stål.

Hotellgjester i Sandefjord på 1860-talet. Kvinnene har moterette, klokkeforma krinolinekjoler.

Den populære stålkrinolinen blei introdusert i 1856. Denne var laga av stålringar som blei haldne saman av band og hadde smalnande diameter opp mot midja. R.C. Milliet tok patent på denne typen i Frankrike i april dette året, og i Storbritannia nokre månader seinare. Snart blei slike krinolinar masseprodusert i titusental, og brukt av kvinner frå alle samfunnslag over heile den vestlege verda.

På sitt vidaste kunne krinolinar vera opptil 5,5 meter i omkrins. Frå andre halvdel av 1860-talet byrja krinolinar å bli mindre att, og frå byrjinga av 1870-talet blei dei erstatta av mindre krinolettar og turnyrar (kø eller bakstuss).

Seinare bruk[endre | endre wikiteksten]

Krinoline-silhuetten er blitt brukt att fleire gonger på 1900-talet, særleg seint på 1940-talet som følgje av Christian Dior si innføring av «New Look» i 1947. På midten av 1980-talet laga Vivienne Westwood ein såkalla mini-crini, ein kort krinoline som hadde stor innverknad på åttitalsmoten. Designerar som John Galliano og Alexander McQueen utmerka seg med oppdaterte krinolinekreasjonar. Krinolinar har også vore i bruk for ball- og brudekjolar frå 1980-talet og godt innpå 2000-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Fiskebeinsskjørt, skjørt som er stiva med fiskebein
  • Vertugade (vertugadin, vertugale), klokke- eller traktforma fiskebeinsskjørt eller vattert hoftekrans frå 1500-talet
  • Panier, breie fiskebeinsskjørt på 1700-talet
  • Tournure (også kalla kø), pute eller stålstativ for å gje damedrakten større bakdel, 1870- til 1890-talet
  • Korsett, stramt snøreliv eller livstykke med spilar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «krinoline» i Nynorskordboka.