Llanos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solnedgang over det sentrale Llanos, Guárico , Venezuela.
Foto: Christian Sánchez

Los Llanos i tydinga slettelandet er ei vid tropisk grasslette som ligg i nordvestre Sør-Amerika (Colombia og Venezuela). Opphavleg var llano det spanske ordet for slette, men utvikla seg til å bli den latinamerikanske termen for det som svarar til det nordamerikanske steppelandet prærien. World Wildlife Fund har definert Llanos som ein av 200 prioriterte økoregionar for vern. [1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga av dette savanneøkosystemet er ikkje klart definert, men somme skildrar det som ein økoregion avgrensa av vasskilet Amazonas i sør, Andes i vest, Guayanahøgslettene i aust og sør, kystfjellområda nord i Venezuela og Orinocodeltaet i nordaust. I lengderetning er dette om lag 1200 til 1300 kilometer. [2] Arealet tilsvarar då kring 550 000 kvadratkilometer. Llanos i Venezuela dekkjer meir enn ein fjerdepart av landarealet, ca 240 000 km². [3] I Venezuela inngår store delar av delstatane Apure, Guárico, Barinas, Portuguesa, Cojedes, Anzoátegui og Monagas i regionen, medan desse departementa i Colombia inngår: Arauca, Casanare og Meta aust om Andes og Vichada. Den administrative regionen Llanos i Venezuela femnar om delstatane Apure og Guárico. Sidan hovudelvesystemet i Llanos er Orinoco er regionen òg kalla Llanos del Orinoco.

Landskapet senker seg gradvis frå dei høgare område i omkrinsane, men høgda på Llanos er typisk under 100 moh. i Venezuela og mellom 200 og 600 moh. i Colombia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Økonomisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Llaneroar som svarar til gauchoarpampasan har gjett store mengder storfe her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ecoregions in Latin America & Caribbean Region
  2. The Nature Concervancy: The Llanos of Colombia
  3. Eulogio J. Chacón Moreno, Mapping ecosystems, landscape changes, and plant, species distribution in Llanos del Orinoco, Venezuela, doktorgradsavhandling ved International Institute for Geo-information Science and Earth Observation, Nederland
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.