Llyn Eigiau
Llyn Eigiau | |||
innsjø | |||
frå toppen av Clogwynyreryr
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Afon Eigiau | ||
Utløp | Afon Porth-llwyd | ||
Areal | 0,049 km² | ||
Største djupn | 10 m | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Llyn Eigiau | |||
Wikimedia Commons: Llyn Eigiau | |||
Llyn Eigiau er ein innsjø i enden av Carneddau-fjella i Snowdonia i Nord-Wales. Namnet Eigiau trur ein kjem frå fiskestimar som ein gong fanst her.
I 1911 vart ein kilometer lang demning og var 11 meter høg på austsida av innsjøen. Reservoaret skulle gje vatn til kraftstasjonen i Dolgarrog, som gav kraft til aluminiumsverket som låg like ved. Då demninga vart bygd trekte den opphavlege entreprenøren seg ut av prosjektet, og hevda at ein tok snarvegar i bygginga. Den 2. november 1925, etter at det hadde kome over 600 mm nedbør på berre fem dagar, braut demninga saman. Vatnet rann ned til Coedty-reservoaret, og fekk denne demninga til å breste òg. Ei stor flodbølgje strøymde nedover mot landsbyen Dolgarrog, og 17 menneske mista livet. Ein ny kraftstasjon vart bygd ved Dolgarrog i 1925.
I dag dekkjer innsjøen om lag 49 hektar, og har ei djupne på kring 10 meter. Med demninga intakt ville innsjøen ha vore dobbelt så stor. Vatnet vert i dag ført inn i ein tunnel frå elva nedanfor Llyn Dulyn til innsjøen og ein annan tunnel tar vatnet vidare frå Llyn Eigiau til Llyn Cowlyd.
Den største elva som renn ut i Llyn Eigiau er Afon Eigiau, ei lita elv som renn ned frå Cwm Eigiau.
Utsiget frå Llyn Eigiau heiter Afon Porth-llwyd og renn via Coedty-reservoaret under Pont Newydd i Dolgarrog, før ho munnar ut i River Conwy.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Llyn Eigiau» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The lakes of North Wales by Jonah Jones, Whittet Books Ltd, 1987
- The Lakes of Eryri by Geraint Roberts, Gwasg Carreg Gwalch, 1985
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |