Hopp til innhald

Lodève

Lodève
Horisonten til Lodève
Horisonten til Lodève
Byvåpenet til Lodève
Byvåpen
Land
Region
Departement
Frankrike
Occitanie
Hérault
Flatevidd 23,17 km²
Flatevidd
  By

23,17 km²
Innbyggjarar
  By (1999)
   - folketettleik

6 900
  297/km²
Koordinatar 43°44′N 03°19′W / 43.733°N 3.317°W / 43.733; -3.317
Høgd 165 m
Tidssone
  Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Postnummer 34700
Nettstad: https://lodeve.fr/

Lodève er ein liten mellomalderby og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Hérault i regionen Occitanie, og har om lag 7 000 innbyggjarar.

Lodève ligg der slettene stig opp mot Larzac-platået, 54 km frå Montpellier, i dalen til elva Lergue. Han er omgjeve av grøne åsar og vingardar, og ligg berre 8 km frå den store kunstige innsjøen Salagousjøen.

Lodève vart grunnlagd som hovudstad for ei stamme kalla Lutevani, før han vart ein romersk by under namnet Luteva. Byen var stoppestad for dei mange pilegrimane som skulle til Santiago de Compostela via Arles-vegen. Byen var eit bispesete fram til den franske revolusjonen, og var òg eit senter for tekstilproduksjon under Louis XV, og heimstad til ein av berre to kongelege veggteppeveveri. Den andre var gobelinfabrikken i Paris.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lodève