Lodi-dynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lodi-dynastiet (eller Lodhi) var eit pathanardynasti[1] som herska over Delhisultanatet frå 1451 til 1526. Det var det siste dynastiet i Delhisultanatet, og blei grunnlagd av Bahlul Khan Lodi då han fortrengde Sayyid-dynastiet.[2][1] Den siste sultanen av Delhisultanatet var Ibrahim Lodi.

Som det føregåande Sayyid-dynastiet hadde ikkje Lodi-dynastiet nokre viktige herskarar, og makta deira kunne vera innskrenkt til nærområda rundt Delhi. Under regjeringstida deira blei Sør-Asia løyst opp i fleire mindre statar under ulike muslimske sultanar oghinduherkarar.

Det viktigaste bevarte minnet av Lodidynastiet er byen Agra, som blei grunnlagd av Sikandar Lodi i 1504.

År Sultan
1451–1489 Bahlul Lodi
1489–1517 Sikandar Lodi
1517–1526 Ibrahim Lodi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lodi Dynasty. Encyclopaedia Britannica. Retrieved 4 September 2017.
  2. Sen, Sailendra (2013). A Textbook of Medieval Indian History. Primus Books. s. 122–125. ISBN 978-9-38060-734-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lodi-dynastiet