Delhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Delhi
hindi दिल्ली dillī
urdu دِہلی dihlī
Geografisk plassering

Delstat i India

Hovudstad New Delhi
Flatevidd

 - Rangering i India

1483 km²

13.

Folketal (2001)

 - Rangering i India
 - Folketettleik

13782976

2.
11463/km²

Grunnlagd 1857
Offisielle språk Engelsk, hindi, urdu, panjabi
Guvernør
Øvste minister
B.L. Joshi
Sheila Dikshit
Nettstad delhigovt.nic.in

Delhi er ein storby og eit eige føderalt territorium i India. Delhi ligg på vestbreidden av Yamuna, 16 mil sør for Himalaya, og grensar til delstatane Uttar Pradesh i aust og Haryana i vest. Hovudstaden i landet, New Delhi, er ein del av territoriet. Den tidlegare hovudstaden Gamle Delhi ligg også i territoriet.

Territoriet omfattar hovudstaden og det kringliggande området, i alt 27 byar og over 200 landsbyar. I tidsrommet 1991–2001 auka folketalet med 46 %. Fleirtalet av delhibuar, drøye 80 %, er hinduar. 7 % er sikhar og 6 % er muslimar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delhi har lenge vore ein viktig by i India. Sogar fortel at han blei grunnlagd av raja Dhilu, ein konge som herska på 100-talet f.Kr. og gav namnet sitt til byen.

Frå midten av 1000-talet var Delhi hovudstad for hinduherskarar, og frå 1206 for ulike muslimske fyrstehus, som Delhisultanatet. Mogulriket fekk kontroll over byen etter slaget ved Panipat i 1526, og stormogulen Humayun budde her. Etter han var mogulhovudstaden lenge i Agra, men etter at Sjah Jahan oppførte ny bymur blei hovudstaden lagt til Delhi igjen.

I 1739 blei Delhi plyndra av persiske generalen Nadir Sjah. Marathariket fekk herredøme over byen i 1752. Byen blei plyndra igjen i 1761 av den afghanske hærføraren Ahmed Shah Abdali. I 1803 overvann Det britiske austindiakompaniet marathaene, og tok kontroll over byen.

Delhi var no residens for stormogulen, som hadde lite makt. Ved det indiske opprøret i 1857 heldt opprørarane byen i fem månader, og stormogulen blei utropt til leiaren deira. Etter at britiske styrker slo ned opprøret blei Delhi utsett for massakrar og fleire plyndringar. Stormogulen blei stilt for retten og forvist.

I 1912 blei Delhi den nye hovudstaden i Britisk India i staden for Calcutta (no Kolkata). Dei neste tiåra blei New Delhi bygd som ny residensby. Arkitekten Edwin Lutyens planla mykje av den nye byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.