Lokale kulturminneplanar
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Lokale kulturminneplanar var eit 3-årig (2012-2015) prosjekt i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, med støtte frå Riksantikvaren. Målet med prosjektet var at alle kommunane i Sogn og Fjordane gjennom ein kulturminneplan skulle få eit verktøy for den lokale kulturminneforvaltinga og for utvikling av lokale kulturminneverdiar. Satsinga var ein del av Riksantikvaren si satsing på «Kunnskapsløft for kulturminneforvaltninga» der det vert retta særleg merksemd mot korleis nasjonal og regional kulturminneforvaltning kan støtte kommunen i deira forvaltnings- og utviklingsarbeid.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kommunane representerer det lokale forvaltningsnivået i kulturminnevernet og har samstundes ei rolle i å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn. Det er stor interesse og mykje lokalt engasjement knytt til historie, kulturarv og kulturminne. Mange kommunar og lokalsamfunn, museum, lag og foreiningar samt enkeltpersonar er aktive aktørar i arbeidet med å registrere og dokumentere kulturarven. Likevel går mange kulturminne tapt og kommunane og innbyggjarane etterlyser oppdatert oversikt over kulturminne i eigen kommune.
Riksantikvaren har utvikla verktøy for arbeid med kulturminneregistrering og lokal kulturminneplan. Gjennom prosjektet har kvar kommune fått høve til å søkje om inntil kr. 100 000.- for å registrere sine kulturminne. Sogn og Fjordane fylkeskommune bidreg med kompetanse, ressursar og økonomisk tilskot på kr 50 000,- til registrering- og planarbeid.
Visjon og mål
[endre | endre wikiteksten]Mål for prosjektet er at kommunane bruker kulturminna i den lokale samfunnsutviklinga. Både som kjelde til kunnskap og oppleving, og som grunnlag for verdiskaping og utvikling av lokal identitet. Utarbeiding av lokale kulturminneplanar skal gje kommunar og innbyggjarar ei betre oversikt over kva som finst av kulturminne i eige lokalmiljø. Men planane vil også vere eit verktøy på fleire område. Plan- og byggesakshandsaminga vil lettare kunne ta omsyn til kulturminneverdiane, kultur- og skuleetatane kan nytte kulturminna til å skape gode opplevingar og høg kompetanse. Næringslivet kan utvikle gode tilbod basert på kulturarven og eigarane får store mulegheiter for hjelp og støtte til bruk og vedlikehald. På denne måten ynskjer prosjektet å bidra til å skape meir attraktive lokalsamfunn
Fylkeskommunen har som mål å vere ein aktiv regional utviklingsaktør og samarbeidspart, og medverke til ei god samfunnsutvikling. Fylkeskommunen jobba for at alle kommunane i fylket fekk tilskot frå Riksantikvaren til registrering av sine kulturminner. Eit mål er at tilgjengelege midlar og ressursar i størst mogeleg grad skal kome kommunane direkte og indirekte til gode. Kommunane skal i større grad få styre bruken av dei midlane som skal kanaliserast mot det kommunale nivå. Dette kan vere avgjerande for å etablere engasjement og lokal forankring. Det er også eit mål at dei lokale kulturminneplanane skal gje ei meir effektiv og føreseieleg kommunal saksbehandling, m.a. i utarbeiding av areal- og reguleringsplanar. Satsinga skal auke kompetansen om kulturminna og deira verdi og potensial, samt vekke nasjonal interesse.
Framgangsmåte
[endre | endre wikiteksten]Sogn og Fjordane fylkeskommune vil innta rolla som eigar, initiativtakar og prosjektansvarleg for satsinga «Lokale kulturminneplanar» i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen skal så langt som råd og slik kommunane ønskjer det, delta i arbeidet som ein ressurs for den enkelte kommune. For å delta i satsinga er det ein føresetnad at den enkelte kommune sjølv skal vere eigar av dei lokale prosessane og stå for gjennomføring av arbeidet med og iverksettinga av sin lokale kulturminneplan. Fylkeskommunen og andre involverte sine rollar skal ut over dette utviklast i samarbeid med den enkelte kommune.
Lokale forankring
[endre | endre wikiteksten]For å utvikle og etablere engasjement og lokal kompetanse på kulturminnefeltet skal arbeidet med registrering og plan ha lokalt eigarskap og forankring. Det vil seie at planen skal vere politisk forankra og at dette skjer i samband med kommunal planstrategi. Den lokale forankringa inneber at kommunane sjølve definerer prosessen i arbeidet og innhald/vektlegging av tema, og at kommunane sjølve står for gjennomføringa av prosessane fram til ferdig plan. Kommunane kan velje å gjere arbeidet sjølve, men her er også høve til å trekkje inn skular, museum, bibliotek, frivillige, sogelag osv. i arbeidet.