London Overground

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logo for London Overground.
Eit London Overground-tog.

London Overground (LO), skipa i 2007, er eit engelsk jarnbanenettverk for persontog på hovudsakleg overflatejarnbaner (overground), i motsetnad til undergrunnsbanen (underground), og har trafikk på fleire liner med til saman 112 stasjonar i mykje av Stor-London og delar av Hertfordshire.

Drifta av toga står ei privat verksemd for, London Overground Rail Operations Ltd., som tidlegare heitte MTR Laing Metro Limited, og no er eit 50/50 samarbeidsføretak mellom det Hongkongbaserte selskapet MTR Corporation Ltd. og det tyske selskapet Arrivas engelske avdeling Arriva UK Trains. For drifta av toga har London Overground Rail Operations Ltd. franchisekontrakt med Transport for London, som er eit lokalt offentleg organ som administrativt har med det meste av transporttilhøva i Stor-London å gjere, og som eig London Overground.

London Overgrounds linenett i 2015.