Lordalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lordalen er eit dalføre i Lesja kommune og ein sidedal til Gudbrandsdalen. Dalen har vore brukt i setring i mange år og også som ferdselsåre mellom Lesja og Skjåk.[1] I dag er det bilveg så langt opp som til Nysetre. Det finst fleire kulturminne her, særleg gamle sager og kverner som utnytta den stabile og høge vasstilførsla. Lesja Historielag har restaurert kverna Lorkvenne og laga til ein natur- og kultursti i området.[2] Mesteparten av dalen er verna som Lordalen landskapsvernområde og den inste delen er ein del av Reinheimen nasjonalpark.[3]

Elva Lora renn gjennom dalen før ho munnar ut i Gudbrandsdalslågen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelland, Arnfinn (red.). (1992). Bygdebok for Lesja 2: Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn, særleg side 18. Lesja kommune.
  2. Lorkverna. Lesja Historielag. Lese den 31.5.2019
  3. Forskrift om Lordalen landskapsvernområde. (24.11.2006). Lovdata. Henta 31.5.2019.