Gudbrandsdalslågen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gudbrandsdalslågen
elv
none  Lågen ved Fåberg i Lillehammer
Lågen ved Fåberg i Lillehammer
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Oppland
Renn gjennom Lillehammer
Sideelvar Ula
Lengd 203 km
Middelvassføring 255 /s
Kjelde Lesjaskogsvatnet
Munning Mjøsa ved Lillehammer
Wikimedia Commons: Gudbrandsdalslågen

Gudbrandsdalslågen er ei elv som renn gjennom Gudbrandsdalen frå Lesjaskogsvatnet til Mjøsa. Gudbrandsdalslågen med sideelvar utgjer saman med Mjøsa og Vorma eit sidevassdrag til Glomma med eit nedslagsfelt på 17 509 km². Lengda på elva er 203 km til Mjøsa. I den nedre delen av Gudbrandsdalslågen blir det om hausten drive notfiske etter lagesild. Namnet på elva, Lågen (Laugen, Logen) kjem av norrønt lǫgr, som tyder vatn.

Elvefaret[endre | endre wikiteksten]

Gudbrandsdalslågen har utspring i Lesjaskogsvatnet. Frå vest tar elva opp sideelvar som kjem frå nærliggande fjellområde, mellom anna Jotunheimen, og fører smeltevatn frå mange brear. Dette gjev elva ein karakteristisk grønfarge og er også årsak til ei forholdsvis stor vassføring heile sommaren. Dei viktigaste tilløpa frå vest er Otta, Sjoa, Vinstra og Gausa, og frå aust Jora, Ula, Frya, Tromsa og Mesna. Tilløpa frå vest gir store kraftmengder og størsteparten av dei totalt om lag 807 MW som er bygd ut i vassdraget, stammar herfrå. Ved Sel renn Lågen gjennom Selsmyrane, ei nesten 10 km lang, flat strekning der store jordbruksareal er vorte til mellom anna ved demningar langs Lågen og ved tiltak i sideelva Ula. Hovudelva har lite fallstrekningar og få naturlege, store fossar – Harpefossen, Hunderfossen og Einsbyfallene har alle ei fallhøgd på 7–15 m. På grensa mellom Ringebu og Øyer kommune vidar elveløpet seg ut til den smale innsjøen Losna.

Flaum[endre | endre wikiteksten]

Den største kjende flaumen er Storofsen i 1789. Denne flaumen raserte mange gardar og førte til utflytting, både frå Østerdalen og Gudbrandsdalen, mellom anna til Målselvdalen i Troms. Storflaum har det også vore seinare, på føresommaren 1995 gjorde «Vesleofsen» store øydeleggingar mellom anna på Tretten, der Moksa fann nytt løp. I Losna har vassføringa berre vore høgare ein gong, i 1938, i løpet av dei siste 100 åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]