Lorten
Utsjånad
Lorten | |||
Cleft Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 69°21′S 75°38′E / 69.350°S 75.633°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Lorten 69°21′00″S 75°38′00″E / 69.35°S 75.6333°E | |||
Lorten eller Cleft Island er ei lita øy nord for Bølingen, som ligg 2,5 nautiske mil søraust for Lichen Island sør i Prydzbukta. Øya er delt av ei djup kløft som er kring 6 meter brei. Ho vart kartlagd frå flyfoto teken av Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936–37, og namngjeven av norske kartografar. Øya vart vitja av eit lag frå «Nella Dan» under Australian National Antarctic Research Expeditions i februar 1966 og gjeve eit nytt namn som synte til den djupe kløfta (cleft på engelsk).[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Cleft Island». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lorten» (innhald frå Geographic Names Information System).