Louis Braille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Louis Braille
Braille.jpg
Fødd 4. januar 1809
Coupvray, Maison Louis Braille
Død

6. januar 1852
Paris

Yrke organist, lærar, oppfinnar
Louis Braille på Commons
Tastatur med punktskrift og vanleg skrift

Louis Braille (4. januar 18096. januar 1852) var ein fransk utdannar, kjend som oppfinnaren av punktskrifta som vert nytta av blinde. På mange språk er punktskrifta kalla braille, i Noreg òg kalla blindeskrift.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Braille var fødd i Coupvray nær Paris i Frankrike. Som treåring skadde han det venstre auga. Faren hans var skomakar, og vesle Luis ville leika med verktøyet. Medan han leikte med ein syl, bomma han på skoen og sylen traff han i auget. Det oppstod ein infeksjon som òg spreidde seg til det høgre auga hans, og gjorde han blind. Då han skulle byrja på skulen sette han seg bakarst i klasserommet og høyrde på undervisninga. Til trass for handikapet sitt vart han best i klassa, men måtte likevel forlate skulen, ettersom han ikkje kunne lesa eller skriva. Som tiåring fekk han eit stipend slik at han kunne byrja ved Institution Royale des Jeunes Aveugles (Den kongelege skulen for blind ungdom), der elevane lærte praktiske handverk (skomakar). Seinare vart han lærar på skulen.

Blindeskrift[endre | endre wikiteksten]

På skulen lærte dei blinde å kjenne att opphøgde framstillingar av vanlege visuelle bokstavar. Denne forma for blindeskrift hadde ulemper, mellom anna at brukarane ikkje kunne produsera eigne tekster sjølv, fordi dei ikkje kunne lesa det dei sjølv hadde skrive, eller kommunisera med andre blindeskriftlesarar utan hjelp frå sjåande.

Då han var 15 år fant Braille opp eit «punktsystem» inspirert av systemet til kaptein Charles Barbier de la Serre, som vitja skulen. Han hadde med seg eit system som soldatar på den tida brukte for å kunna kommunisera med kvarandre i mørket. Systemet til Serre var basert på 12 punkt, medan systemet til Braille var bygd opp ved hjelp av berre 6 punkt. Seinare utvida Braille systemet til å inkludera matematiske og musikalske teikn.

Braille døydde av tuberkulose i 1852, og er gravlagd i Panthéon i Paris.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lise Männikö, Skriften i mørket, Omnipax 2009
  • Mats Køber og Kari Rudjord (red), Bare røre, ikke se : Om Louis Braille, språk og skrift 8, Akademisk publisering 2009

Kjelder[endre | endre wikiteksten]