Punktskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Punktskrift

Punktskrift, eller braille, tidlegare kalla blindeskrift, er eit skriftsystem som blir brukt av synsskadde eller blinde personar i store delar av verda. Systemet byggjer på eit rektangel som består av seks punkt, i to loddrette kolonnar med tre punkt i kvar kolonne. Rektanglet er ikkje større enn at det kan bli dekt av fingertuppen. I ei punktskriftsbok les vi punktskrifta frå venstre til høgre med fingertuppen.

Dei ti første teikna står både for tal og bokstav, slik at symbolet for C og for talet 3 t.d. er det same. I tillegg er det metasymbol: neste symbol er ein bokstav, neste symbol er eit tal, punktum, komma, osb.

Med overgangen til digital lagring av tekst har punktskriftsystemet fått eit omsving. Punktskrifta har ein eigen representasjon i Unicode, og tekst kan automatisk bli konvertert til punktskrift. Kombinert med ein tekst-basert nettlesar som lynx kan dermed blinde ha same tilgang til t.d. internett som det alle andre har.

Skriftsystemet vart laga i 1821 av Louis Braille.

Det norske alfabetet i punktskrift[endre | endre wikiteksten]

Fullskrift og kortskrift[endre | endre wikiteksten]

Ein kan velje å gi att visuell skrift temmeleg direkte i punktskrift, noko som kallast fullskrift, men ein kan òg bruke stenografi-liknande system som kallast kortskrift. Nokre språk har ikkje noko kortskriftsystem, medan engelsk på si side nesten berre bruker kortskrift. I tysk bruker ein begge delar, men mest kortskrift.

I norsk punktskrift bruker ein både fullskrift og tre forskjellige nivå av kortskrift: nivå 1 enkel kortskrift, nivå 2 normal kortskrift og nivå 3 utvida kortskrift. I tillegg kjem norsk punktskrift-stenografi som eit fjerde nivå.

Dei fleste norske punktskriftblad bruker fullskrift, men Verden og Vi bruker nivå 2-kortskrift, og Krimpunkt bruker dels fullskrift, dels nivå 1-kortskrift. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har først og fremst bøker i fullskrift, men produserer etter ønske bøker i både fullskrift og alle tre nivå av kortskrift.

Lumske likskapar mellom norsk og engelsk punktskrift[endre | endre wikiteksten]

Her følgjer ei ikkje uttømmande liste over falske venner mellom norsk punktskrift og det engelskspråklege punktskriftsystemet Unified English Braille (UEB). For norsk er berre oppgitt tydingar frå fullskrift.

⠜   æ eller ä eller } (mengdeparentes) – UEB bokstavfølgja ar
⠪   ø eller ö – UEB bokstavfølgja ow
⠡   å – UEB bokstavfølgja ch eller ordet child
⠄   punktum eller gongeteikn – UEB apostrof
⠲   m.a. hermeteikn – UEB m.a. punktum
⠢   ? – UEB bokstavfølgja en eller ordet enough
⠿   é – UEB bokstavfølgja for
⠣   ê eller { (mengdeparentes) – UEB bokstavfølgja gh
⠮   è – UEB bokstavfølgja the
⠬   ò eller & eller § – UEB bokstavfølgja ing (ikkje først i ord)
⠷   à eller [ – UEB bokstavfølgja of
⠾   ] – UEB bokstavfølgja with
⠳   ü – UEB bokstavfølgja ou eller ordet out
⠦   ( – UEB ? eller innleiande dobbelt hermeteikn eller ordet his
⠴   ) – UEB avsluttande dobbelt hermeteikn eller ordet was
⠌   / – UEB bokstavfølgja st eller ordet still
⠶   = – UEB bokstavfølgja gg (ikkje sist i ord) eller ordet were

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Punktskrift