Lounès Gaouaoui
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn |
الوناس قاواوي Lounès Gaouaoui | ||
| Fødd | 28. september 1977 | ||
| Fødestad | Tizi Ouzou | ||
| Høgd | 188 cm | ||
| Posisjon | Keeper | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1990-1997 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1997-99 1999-2007 2007-08 2008-09 2009-10 2010-12 2012-13 2013-14 |
|
? (?) 156 (0) 42 (0) 26 (0) 21 (0) 26 (0) 0 (0) 2 (0) | |
| Landslag | |||
| 2001-2010 |
| 48 (0) | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Lounès Gaouaoui (fødd 28. september 1977 i Tizi Ouzou) er ein algerisk tidlegare fotballspelar og -trenar. Sidan 2001 har han delteke i 48 kampar for det algeriske landslaget.
Klubbkarriere
[endre | endre wikiteksten]Gaouaoui skreiv under kontrakt for klubben Kabylie, frå heimbyen hans, Tizi Ouzou, i 1999. Han spelte i åtte år for klubben. Med dei vann han den algeriske ligaen to gonger, i 2004 og 2006, og kom på andreplass i 2002 og 2005. I 2000, 2001 og 2002 var han med å vinna CAF-cupen, den afrikanske versjonen av UEFA-cupen. Han spela som keeper for Chlef frå 2009 til 2010 i den algeriske fotballigaen.
Landslagskarriere
[endre | endre wikiteksten]Gaouaoui spelte den første landskampen sin for Algerie 30. desember 2001 mot Senegal, og vart fast på landslaget i 2004. Han var med på det algeriske landslaget som kom til kvartfinalen i Afrikameisterskapen i 2004. Han var Algerie sin førstekeeper fram til og med mesteparten av kvalifiseringa til fotball-VM i 2010, men då han fekk blindtarmbetennelse, gjekk han glipp av den siste, avgjerande kvalifiseringskampen mot Egypt hausten 2009, der han vart erstatta av Faouzi Chaouchi. Han gjekk òg glipp av Afrikameisterskapen i 2010.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lounès Gaouaoui - Player profile. Transfermarkt