Luangwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 15°34′28″S 30°23′20″E

Sørlege delar av Luangwa i Zambia.

Luangwa (portugisisk Rio Aruângua) er ei elv i det sørlege Afrika og ei viktig tilførselselv til Zambezi. Elva er rundt 800 km lang, og er blant dei største elvane i Zambia. Ho byrjar ved grensa mellom Malawi og Zambia og dannar delar av grensa mellom Zambia og Mosambik nær slutten.

Luangwa har utspring nær Isoka i Zambia og renn rundt Muchingafjella. Mellom Luangwa i Zambia og Zumbo i Mosambik renn ho saman med Zambezi.

Elva er ei av dei største urørte elvane i sørlege Afrika, og dei rundt 50 000 kvadratkilometrane i den omgjevande dalen huser eit rikt dyreliv. Ho fløymer som regel over i regntida (desember-mars), medan vassmengda minkar kraftig i tørketida.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christine Eckstrom, «Waiting for thunder», National Geographic
  • «Luangwa River», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago, 2011.