Luce Irigaray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luce Irigaray
Fødd3. mai 1930
Blaton
NasjonalitetBelgia, Frankrike
Områdekjønnsforskning
Yrkefilosof, lingvist, universitetslærar, kvinnesaksforkjemper, psykoanalytiker
InstitusjonarCentre national de la recherche scientifique
Erasmus Universiteit Rotterdam
Alma materDet katolske universitetet i Leuven
Universitetet Paris VIII
MedlemÉcole Freudienne de Paris

Luce Irigaray (fødd 3. mai 1930) er ein belgisk-fødd fransk feministisk teoretikar innanfor filosofi, lingvistikk og psykoanalyse. Ho har hatt stor innverknad på den feministiske rørsla i Europa, særleg i Frankrike og Italia. Nokre av dei best kjende verka hennar er Speculum de l-en'autre femme (1974) og Ce sexe qui n-en est pas un (1977).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Luce Irigaray var fødd i Blaton i provinsen Hainaut i Belgia. Ho studerte ved Louvain universitet der ho tok kandidateksamen i 1954 og mastereksamen i 1956. I 1960 flytta ho til Paris og starta doktorandutdanning si innan psykologi ved Paris universitet. I 1961 doktorerte ho, og året etter fekk ho diplom i psykopatologi. I 1968 tok ho doktorgrad i lingvistikk med avhandlinga Approche psycholinguistique du langage des déments. I 1974 tok ho også ein doktorgrad i filosofi (doctorat d'État).

På 1960-talet deltok Irigaray ved psykoanalytiske seminar under leiinga til Jacques Lacan og slutta seg til École Freudienne de Paris, som også var leia av Lacan. Ho blei utvist frå École Freudienne de Paris i 1974, etter å ha gjeve ut den andre doktoravhandlinga si Speculum: La fonction de la femme dans le discours philosophique, seinare gjeven tittelen Speculum: De l'autre femme. Denne fekk mykje kritikk både frå den lacanske og den freudianske skulen innan psykoanalyse, men gjorde henne også betre kjend.

Frå 1964 hadde Irigaray ein post ved Centre national de la recherche scientifique der fokuset hennar delvis har vore språk hjå demenspasientar.[1] Dette fokuset resulterte i boka Le Langage des déments, som kom ut i 1973.

Kjende verk[endre | endre wikiteksten]

Speculum de l'autre femme[endre | endre wikiteksten]

Irigaray tok doktorgrad i 1974 med avhandlinga Spéculum de l-en'autre femme, engelsk Speculum of the Other Woman. På grunn av kritikken hennar her mot freudiansk teori blei Irigaray staks ekskludert frå École freudienne.[2]

Verket er delt inn i tre delar: La tache aveugle d'un vieux rêve de symétrie (The blindspot of an old dream of symmetry), Spéculum (Speculum) og L'ὑστέρα dei Platon (Plato's Hystera). Den fyrste delen analyserer Freud sine påstandar kring femininitet, utvikling og kjønnsskilnader. Den andre delen inneheld lesingar av vestlege filosofar og dei filosofiske posisjoneringane til Irigaray sjølv. Den tredje delen tek for seg grottelikninga til Platon som symbol for byrjinga på den vestlege metafysikken.[2]

Spekularisering

"According to the OED, a speculum is, among other things:

  1. (Surg.) instrument for dilating cavities of human body for inspection. 2. Mirror, usu. of polished metal e.g. ~ um metal (alloy of copper and tin), esp. in reflecting telescope."[2]

Ifølgje freudiansk teori om kvinner som den mannlege negasjonen, blir kvinna eit negativt naudsyn for det spekulariseringa til det mannlege subjektet. Spekularisering blir i dette tilfelle både speglinga av eit instrument ført inn i vaginaen, men òg speglinga av det mannlege subjektet i høve til kvinna.[2]

Ce sexe qui n’en est pas un[endre | endre wikiteksten]

I 1977 kom Ce sexe qu n-en est pas un (The Sex Which Is Not One). I verket tek Irigaray for seg omgrepet «kvinne» på tvers ei blanding av poetisk og teoretisk tekst. Gjennom språket og morfologien til kvinna (særleg frå anatomi) skildrar Irigaray posisjonen til kvinna som underminert. Irigaray talar for ein pluralitet inna det kvinnelege kjønnsorganet som er undertrykt av eit patriarkalsk språk som gjer det umogleg for kvinner å oppleva nyting.[2] Ho reknar språket for å vera dominert av fallogosentrisme og dermed medverkande i den manglende evna til kvinner til å skildra sine eigne kroppar.[3] Denne ideen om språket som fallogosentrert kan koplast til Hélène Cixous, Julia Kristeva og dessutan Écriture feminine.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Le Langage des déments, Mouton / De Gruyter, 1973.
  • Speculum. De l’autre femme, Éditions de Minuit, 1974.
  • Ce sexe qui n’en est pas un Éditions de Minuit, 1977.
  • Et l’une ne bouge pas sans l’autre Éditions de Minuit, 1979).
  • Amante marine de Friedrich Nietzsche Éditions de Minuit, 1980.
  • Le Corps à corps avec la mère, La Pleine lune, 1981.
  • Passions élémentaires, Éditions de Minuit, 1982.
  • L’Oubli de l’air – chez Martin Heidegger, Éditions de Minuit, 1983.
  • La Croyance même, Éditions Galilée, 1983).
  • Éthique de la différence sexuelle, Éditions de Minuit, 1984.
  • Parler n’est jamais neutre, Éditions de Minuit, 1985.
  • Sexes et Parentés, Éditions de Minuit, 1987.
  • Le Temps de la différence. Pour une révolution pacifique, LGF, coll. « Le Livre de poche. Biblio », 1989.
  • Sexes et genres à travers les langues, Grasset, 1990.
  • Je, tu, nous. Pour une culture de la différence, Grasset, 1990 ; LGF., coll. « Le Livre de poche. Biblio » nr. 4155, 1992.
  • J’aime à toi, Grasset, 1992.
  • Être deux, Grasset, 1997.
  • Entre Orient et Occident, Grasset, 1999.
  • Prières quotidiennes / Everyday prayers, Maisonneuve et Larose / University of Nottingham, 2004.
  • Through Vegetal Being: Two Philosophical Perspectives, New York, Columbia University Press, 2016 (med Michael Marder).
  • La Voie de l'amour, Sesto San Giovanni, Mimesis, 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Universalis, Encyclopædia. «LUCE IRIGARAY». Encyclopædia Universalis (på fransk). Henta 8. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Moi, Toril: Sexual/Textual Politics, 1985/2002. 
  3. Zanardi, Claudia (red.) (1990). Essential papers on the psychology of women. New York: New York University Press