Hélène Cixous

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hélène Cixous

Fødd5. juni 1937
Oran
NasjonalitetFrankrike
Områdefeministisk filosofi, belles lettres, anglistik, feminisme
Yrkelyrikar, essayist, skodespelforfattar, anglist, kvinnesaksforkjemper, skribent, språkfilosof, litteraturkritikar, universitetslærar, filosof
InstitusjonarCornell University
European Graduate School
Universitetet Paris VIII
Alma materFaculté des lettres de Paris
DoktorgradsrettleiarRoger Asselineau

Hélène Cixous (fødd 5. juni 1937) er ein fransk feminist, forfattar, litteraturvitar og filosof.[1] Som skjønnlitterær forfattar debuterte Cixous i 1969 med Dedans.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hélène Cixous vart fødd i Oran i det då franskstyrte Algerie. Faren var frå ein sefardisk jødisk familie som hadde flytta til Oran frå Marokko på 1800-talet. Mora var askenasisk jødisk fødd i Osnabrück i Tyskland og ein fransk pied-noir (fransk statsborgar i Algerie), men forfedrane hennar hadde budd i mellom anna det som no er Slovakia, Tyskland og Alsace.[2][3] I barndomsheimen til Cixous blei det, i tillegg til tysk som vart morsmålet hennar, også tala fransk, spansk, arabisk, engelsk og hebraisk.[4]

Vichyregimet kom til makta mista faren statsborgarskapet og retten til å utøva yrket sitt, og Hélène og bror hennar fekk ikkje gå på skulen. Faren døydde i 1948.[5]

Allereie i unge år byrja Hélène Cixous å interessera seg for klassikarar som Shakespeare og Heinrich von Kleist, og dessutan for moderne forfattarar som Franz Kafka. Som andre kolonistar i Algerie studerte ho i Frankrike, der ho i 1959 tok agrégation i engelsk litteratur i 1959 og sitt Doctorat ès lettres i 1968. Dei fremste fokusa hennar på denne tida var engelsk litteratur og James Joyce. Ho gifta seg og blei mor for fyrste gong. I 1962 fekk ho det andre barnet sitt, og blei tilsett ved Université de Bordeaux. Same året fekk Algerie sjølvstende frå Frankrike, der mora og broren blei fengsla. Seinare blei mora utvist frå Algerie.[5]

Då Cixous og mannen hennar skilde seg i 1965 flytta ho til Paris, og fekk arbeid ved Sorbonne same året. To år seinare blei ho tilsett ved universitetet i Nanterre.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

I 1968 gav ho ut L'Exil de James Joyce ou l'Art du remplacement. Året etter gav ho ut den fyrste romanen sin, Dedans, ei delvis sjølvbiografisk forteljing som vann Prix Médicis.

Som forfattar, og som akademikar, er Cixous påverka av Marx og Freud og blir rekna som ein av dei mest tonegjevande postmodernistane. Ho har skrive fleire dramatiske verk. Eit av hovudverka hennar som akademikar er essaysamlinga Prénoms de personne frå 1974, der ho behandla forholdet mellom seksualitet og språket, i tillegg til narsissisme og døden. Året etter gav ho ut den feministiske Le rire de la Méduse som tek for seg kvinneleg forfattarskap. Ho har ærestitlar ved ei rekkje universitet i Canada, Irland, England og USA.[6]

Cixous er professor ved European Graduate School i Saas-Fee i Sveits, og ved Université Paris-VIII, der ho grunnla eit senter for kvinnestudium som det fyrste i Europa.[1]

Svenske Kerstin Munck har teke for seg forfattarskapet til Cixous i fleire artiklar og i boka Att föda text (2004). Ei rekkje av bøkene til Cixous er omsette til norsk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Nattspråk, innleiing og omsetjing av Sissel Lie, (1996)
  • Osnabrück, Gyldendal (2003)
  • Blendverk – opphavlege scenar, omsett av Grete Kleppen, Gyldendal (2006 )
  • Gull - breva frå far min, omsett av Grete Kleppen, Gyldendal (2009)
  • Sypress : så nær, omsett av Grete Kleppen (2010)
  • Hyperdraum, omsett av Grete Kleppen (2012)

Originalutgåver[endre | endre wikiteksten]

Romanar
  • Le Prénom de Dieu (Grasset, 1967)
  • Dedans (Grasset, 1969)
  • Le Troisième Corps (Grasset, 1970)
  • Les Commencements (Grasset, 1970)
  • Neutre (Grasset, 1972)
  • Tombe (Seuil, 1973, 2008)
  • Portrait du Soleil (Denoël, 1974)
  • Révolutions pour plus d'un Faust (Seuil, 1975)
  • Souffles (Des Femmes, 1975)
  • La (Gallimard, 1976)
  • Angst (Des Femmes, 1977)
  • Anankè (Des Femmes, 1979)
  • Illa (Des Femmes, 1980)
  • Le Livre de Prométhéa (Gallimard, 1983)
  • Déluge (Des Femmes, 1992)
  • Le Jour où je n'étais pas là (Galilée, 2000)
  • Les Rêveries de la femme sauvage (Galilée, 2000)
  • Manhattan (Galilée, 2002)
  • Tours promises (Galilée, 2004)
  • Rencontre terrestre (2005) med Frédéric-Yves Jeannet
  • Hyperrêve (Galilée, 2006)
  • Si près (Galilée, 2007)
  • Ciguë : Vieilles femmes en fleurs (Galilée, 2008)
  • Philippines : Prédelles" (Galilée, 2009)
Essay
  • L'Exil de James Joyce ou l'art du remplacement (Grasset, 1968)
  • Prénoms de Personne (le Seuil, 1974)
  • La Jeune Née (U.G.E., 1975)
  • La Venue à l'écriture (U.G.E., 1977)
  • Entre l'écriture (Des femmes, 1986)
  • L'Heure de Clarisse Lispector (Des femmes, 1989)
  • Voiles (med Jacques Derrida, Galilée, 1998)
  • Portrait de Jacques Derrida en jeune saint juif (Galilée, 2001)
  • Le Voisin de zéro : Samuel Beckett (Galilée, 2007)
Teater
  • La Pupille (Cahiers Renaud-Barrault, 1971)
  • Portrait de Dora (Des femmes, 1975)
  • La Prise de l'école de Madhubaï (Avant-Scène, 1984)
  • L’Histoire terrible mais inachevée de Norodom Sihanouk, roi du Cambodge (Théâtre du Soleil, 1985; nouvelle édition corrigée 1987)
  • L’Indiade, ou l’Inde de leurs rêves, et quelques écrits sur le théâtre (Théâtre du Soleil, 1987)
  • Les Euménides d’Eschyle (traduction, Théâtre du Soleil, 1992)
  • La Ville parjure ou le réveil des Erinyes (Théâtre du Soleil, 1994)
  • Tambours sur la digue, sous forme de pièce ancienne pour marionnettes jouée par des acteurs (Théâtre du Soleil, 1999)
  • Rouen, la Trentième Nuit de Mai '31 (Galilée, 2001)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hélène Cixous Arkivert 16. januar 2013 på Wayback Machine., omtale ved fakultet til European Graduate School
  2. http://muse.jhu.edu/login?uri=/journals/new_literary_history/v037/37.1calle-gruber.pdf
  3. Hélène Cixous, Mireille Calle-Gruber, rootprints, Routledge, 1997
  4. Blyth, Alan; Susan Sellers: Hélène Cixous: live theory, Continuum International Publishing Group, 2004, 2004, s. 6. ISBN 082646680X, 978082646680. 
  5. 5,0 5,1 Morag Shiach, biografi vid The Literary Encyclopedia, lest 31. mars 2009
  6. Queen's og Universitetet i Alberta i Canada; University College Dublin i Irland, Universitetet i York og University College London i England, og ved Georgetown University, Northwestern University, og ved University of Wisconsin-Madison i USA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hélène Cixous