Ludwig Runzheimer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 29. desember 2006 kl. 21:36 av Stykkjet (diskusjon | bidrag)

Ludwig Runzheimer (fødd 28. juli 1912 i Gladenbach i Hessen, avretta 6. juli 1946) var tysk statsborgar og kriminalassistent i Gestapo. Han var utdanna som telegrafist i det tyske luftvåpenet, og tenestegjorde i det tyske grensepolitiet frå november 1938 til krigsutbrotet i 1939. Då gjekk han inn i det hemmelege feltpolitiet, og tenestegjorde i Nederland, Belgia, Frankrike og Russland før han i september 1944 vart beordra til Bergen, der han arbeidde for Gestapo i avdeling IV E fram til kapitulasjonen. Han hadde ei sentral stilling på Espeland fangeleir dei siste månadene før kapitulasjonen. Han var medlem av NSDAP frå 1934. Han vart dømd til døden for krigsbrotsverk i Gulating lagmannsrett 13. april 1946. Dommen vart ikkje anka, og han vart avretta på Sverresborg festning i Bergen 6. juli 1946.

Sjå og

Landssvikoppgjeret

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.