NSDAP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

NSDAP er forkortinga for Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei (Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet), partiet som styrte i Tyskland under Det tredje riket, leidd av Adolf Hitler.

Historie[endre | endre wikiteksten]

NSDAP vart stifta 24. februar 1920 frå det tidlegare Deutsche Arbeiterpartei (DAP), eit lite parti leidd av Anton Drexler. På partiskipingsdagen offentleggjorde partiet eit program på 25 punkt der hovudsakene var avskaffing av Versaillestraktaten, avskaffing av tysk statsborgarskap for jødar og styrking av "der Volksgemeinschaft". Partiformann frå og med 1921 var Adolf Hitler. NSDAP freista under leiing av Adolf Hitler å ta makta gjennom eit kuppforsøk den 8. november 1923, det såkalla ølkjellarkuppet. Kuppet var mislukka, og politiet stogga marsjeringa åt nazistane gjennom gatene i München. I denne samanhengen døydde 16 nazistar, NSDAP vart forbode og Hitler vart dømd til fem års fengsel for høgforræderi.

Etter Hitler vart fri frå fengselet, tok han leiinga i partiet igjen, og partiet vart forma etter hans idear og med han som førar. Det nye partiet var ikkje lenger ei paramilitær gruppe; i staden vart Schutzstaffel (SS) og SA (partiet sin eigen hær) oppretta som separate grupper med tilknyting til partiet, og medlemene i desse gruppene måtte fyrst verte medlemer i NSDAP.

Partiet gjekk sterkt fram ved riksdagsvalet i 1930, gjorde det bra i det første valet i 1932, men gjekk sterkt tilbake ved det andre valet seinare same året. Det fekk likevel regjeringsansvaret i 1933, i samarbeid med det tysk-nasjonale høgrepartiet. Same året vart opposisjonspartia forbodne.

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

Grunnideologien til NSDAP var nazismen. Han freista, i alle fall retorisk, å sameine den ekstreme høgrenasjonalismen med ein «sosialistisk» kollektivisme. Målet var folkefellesskapen som eit alternativ til borgarleg individualisme og sosialistisk klassekamp. Viktig var òg ideologien om einskapen til det tyske folket, og rasismen, særleg mot jødane som nazisme såg på som den største trugselen mot tysk og arisk kultur.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Det høgste nivået i NSDAP, bortsett frå Hitler sjølv, var Reichsleitung som var direkte underordna Hitler. Reichsleitung hadde avdelingar for organisasjon, utdanning, personell, finans, propaganda og juss, og alle desse avdelingane vart slegne saman med departementa etter maktovertakinga i 1933. I tillegg fanst det avdelingar for utanrikspolitikk, arkiv, koloniar, riksdagspartigruppa og avdelinga for politisk og ideologisk utdanning av partiet.

Det neste nivået var Gau (distrikt) leidde av den lokale Gauleitern og hans stab. Det fanst 43 Gaue i Tyskland, i dei okkuperte områda var der òg somme. Kvart Gau var oppdelt i krinsar (leidde av ein "Kreitsleiar) og der fanst 920 krinsar i 1943.

Kvar krins var i sin tur delt opp i Ortsgruppen (leidde av Ortsgruppenleiter). Ortsgruppen var den grundleggjande eininga i NSDAP og var sett saman av (minst) femten medlemer. Dei 30601 Ortsgruppen var oppdelt i celler, Zellen (leidde av ein Zellenleiter), og dei 121406 cellene var igjen oppdelte i 539774 Blocke (leidde av ein Blockleiter). Ein "Blockleiter" var ansvarleg for mellom 40 og 60 hushald, og han førte eit register der han noterte haldningar til partiet og staten.

Veljarstøtte[endre | endre wikiteksten]

Partiets veljargrunnlag i dei tyske riksdagsvala var på 1920-talet høgast i 1924 med 6,5 %. Ved riksdagsvalet 1928 hadde det gått ned til 2,6 %. I samband med krisa på byrjinga av 1930-talet auka veljarstøtta. Alt i september 1930 var partiet oppe i 18,3 % og i juli 1932 nådde partiet sitt høgaste veljartal i eit demokratisk val, då 37,3 % av dei tyske veljarane røysta på partiet. Veljarstøtta frå valet 6. november 1932 som utgjorde grunnlaget for den nazistiske maktovertakinga i 1933, var 33,1 %.

Partiet vart oppløyst og forbode i 1945.

NSDAP/AO[endre | endre wikiteksten]

NSDAP/AO (AO står for Auslands-Organisation) var NSDAP sin organisasjon for partimedlemer som budde i andre land enn Tyskland. I etterkrigstida har nemninga NSDAP/AO vore nytta av den kanadiske nynazisten Gary Lauck.

Litteratur (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Mühlberger,Detlef. 1991. Hitler's Followers. Londond: Routledge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]