Luftrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
I 2011 blei det oppretta ei flyforbodssone over Libya, handheva av USA og NATO i Operation Odyssey Dawn og Operation Unified Protector.

Luftrom eller luftterritorium er område i atmosfæren som ligg over land- og sjøterritoriet til ein stat. Omgrepet har utvikla seg i lag med luftfarten.

Ein skil mellom kontrollert luftrom, der ei flygekontrollteneste har oppsyn med lufttrafikken, og ukontrollert luftrom der ei slik teneste ikkje har kontroll, sjølv om ho kan ha ein rådgjevande funksjon.

Utstrekking[endre | endre wikiteksten]

Internasjonale luftfartsavtalar slår fast at luftrommet til eit land er avgrensa av sjøterritoriet, 12 nautiske mil (22,2 km) frå kystlina til landet. Luftområde utanfor desse luftromma er rekna som fritt tilgjengelege, på linje med internasjonalt farvatn.

Avgrensing av luftrom i høgda er ikkje internasjonalt avtalt, sjølv om ein gjennom romrett har slått fast at rommet er fritt for alle. Dei lågaste forslaga er 30 km over havoverflata, det høgaste fly og varmluftsballongar flyg, medan det høgaste er rundt 160 km over havoverflata, det lågaste satellittar kan ha stabile banar på. Den internasjonale luft- og romfartsorganisasjonen Fédération Aéronautique Internationale reknar Kármánlinja på 100 km over havoverflata som skilje mellom luft- og romfart.

Regulering[endre | endre wikiteksten]

Statar har suverenitet over sitt luftterritorium, og kan nekta utanlandske flygingar adgang. Chicagokonvensjonen og IASTA slår likevel fast at kommersielle flygingar har fridom til å fly gjennom luftromma til land som har skrive under.

Luftrom blir delt inn i ulike klassar som blir nemnde med bokstavar frå A til G. Klasse A har strengast kontroll medan klasse G har minst. I Noreg nytter ein klassane A, C, D og G der dei tre første er kontrollert luftrom og G er ukontrollert. Lufttrafikktenester deler også luftrom mellom seg i ulike ansvarsområde.

Luftrom kan stengjast av ulike grunnar, som fare for ulukke ved ulike naturtilhøve, terrorisme eller krig. I konfliksituasjonar kan det innførast flygeforbod mot visse flygingar i eit luftrom. Luftfartøy som bryt forbodet kan i nokre høve risikera å bli skotne ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]