Hopp til innhald

Luigi Carnera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luigi Carnera

Fødd14. april 1875
Trieste
Død30. juli 1962
Firenze
NasjonalitetItalia, Kongedømet Italia
Områdeastronomi, matematikk, astronomisk observatorium
Yrkeastronom, matematikar
InstitusjonarLandessternwarte Heidelberg-Königstuhl
Alma materScuola Normale Superiore. Classe di Scienze

Luigi Carnera (14. april 187530. juli 1962) var ein italiensk astronom og matematikar.

Minor Planet Center listar han som oppdagar av 16 asteroidar mellom 1901 og 1902.[1] Asteroiden 39653 Carnera er kalla opp etter han.[2]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av karrieren sin var Carnera assistent for den tyske astronomen Max Wolf i Heidelberg. På denne tida oppdaga han ei rekkje asteroidar. Han arbeidde i Tyskland, Italia og Argentina før han vende tilbake ti Italia for godt i 1908.

Carnera var leiar for Trieste observatorium frå 1919; Trieste var nett blitt annektert av Italia etter fyrste verdskrigen. Han blei så leiar for Capodimonte observatorium i Napoli frå 1932, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon i 1950. I 1943, under andre verdskrigen, blei observatoriet mellombels okkupert av amerikanske og britiske troppar så dei kunne setja opp ein radarstasjon.

Asteroidar oppdaga av Carnera

[endre | endre wikiteksten]
466 Tisiphone[note 1] 17. januar 1901
469 Argentina 20. februar 1901
470 Kilia 21. april 1901
472 Roma 11. juli 1901
476 Hedwig 17. august 1901
477 Italia 23. august 1901
478 Tergeste 21. september 1901
479 Caprera 12. november 1901
480 Hansa[note 1] 21. mai 1901
481 Emita 12. februar 1902
485 Genua 7. mai 1902
486 Cremona 11. mai 1902
487 Venetia 9. juli 1902
488 Kreusa[note 1] 26. juni 1902
489 Comacina 2. september 1902
808 Merxia 11. oktober 1901
  1. 1,0 1,1 1,2 Oppdaga i lag med Max Wolf
  1. «Minor Planet Center». 10. juli 2017. Henta 8. august 2017. 
  2. «Minor Planet Center 39653 Carnera» (på engelsk). Minor Planet Center. Henta 18. juni 2018.