Lunasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lunasjon er perioden for fasevekslinag til månen, tida frå ein nymåne til den neste.

I år 2000 var middellengda for ein lunasjon 29,530588 dagar (eller 29 dagar, 12 timar, 44 minutt og 3 sekund). Lengda på ein synoidsk månad kan varierer frå 29,26 til 29,80 dagar på grunn av perturbasjonseffektar som tyngdekrafta til sola har på den eksentriske banen til månen.[1]

Lengda på lunasjonen er knytt til mange fenomen i naturen, som variasjonar mellom spring- og nippflo.

I månekalenderen samsvarar kvar månad med ein lunasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Espenak, Fred. «Six Millennium Catalog of Phases of the Moon». NASA Eclipse Web Site. NASA. http://eclipse.gsfc.nasa.gov/phase/phasecat.html. Henta 13. august 2013.