Lundevatnet
Lundevatnet | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder , Rogaland | ||
Kommunar | Flekkefjord, Lund | ||
Høgd over havet | 49 moh. | ||
Areal | 25,93 km² | ||
Største djupn | 314 m | ||
Volum | 4,49 km³ | ||
Kystlengd1 | 59,80 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Lundevatnet | |||
Wikimedia Commons: Lundevatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Lundevatnet er ein innsjø på grensa mellom kommunane Lund i Rogaland og Flekkefjord i Agder. Innsjøen har eit areal på 25,9 km² og ligg 49 moh. Han er av dei 10 djupaste innsjøane i landet med ei største djupne på 314 meter. E39 går langs austsida av vatnet, eit stykke med ganske mange tunnelar.
Elva Sira renn inn i vatnet ved Sirnes med vatn frå Sirdalen, og vatn frå Hovsvatnet renn inn ved Moi. Vatnet renn ut igjen ved Åna-Sira, der det er ei demning og Åna-Sira kraftverk ligg. Frå der og ut i havet er det berre eit par kilometer.
Elveløpet mellom Sirdalsvannet og Lundevatnet er i dag utgravd slik at vasstanden dei to vatna imellom skal vere tilnærma lik, og Lundevatnet er sikra reservepåfyll på ein enkel måte. Lundevatnet kan regulerast slik at vasstanden kan variere.
