Lussand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lussand
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Granvin
Postnummer 5736 GRANVIN

Lussand er ein matrikkelgard (gardnummer 132) i Granvin herad.[1] Lussand er ytste garden i Granvin og grensar til Kjepso i Kvam herad i vest, til Beggevik i aust, og i fjellet grensar garden til Voss.[2]

Fram til 1964 høyrde Lussand til Kinsarvik herad.[2] Då vart den delen av Kinsarvik herad og sokn som låg på vestsida av Hardangerfjorden (Lussand–Kvanndal) overført til Granvin. I Kinsarvik hadde Lussand gardnummer 117.[2]

Fylkesveg 7 går over garden, og like austom innmarka og tuna ligg Lussandberget, der vegen er svingete og ekstra smal med steile berget på eine sida og lukt i fjorden på hi. Vegstrekka er rasutsett, og det skal byggjast tunell der.[3][4] Dagens vegstrekke er del av Nasjonale turistveger, og det er i den samanheng bygd rasteplass/utsiktspunkt like vestom busetnaden på Lussand.[5][6]

På oppsida av vegen mellom Kjepso og Lussand ligg eit skogområde på Uranes som er verna som naturreservat.[7] Uranes naturreservat er oppretta for å verne eit større edellauvskogsområde med stor økologisk variasjon.[8]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Fyrstelekken av namnet er ikkje sikkert tolka.[2][9]

Gardsnamnet vert også brukt som etternamn. I 2013 var det 44 personar i Noreg som hadde Lussand til etternamn.[10] Ein kjend namneberar er politikaren Magnar Lussand, som var fylkesordførar i Hordaland frå 1991 til 1999.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Olav Kolltveit (1986). «Lussand (Gnr. 132)». Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid : med ættebokdel for gardane Beggevik, Kvanndal, Lussand og Naustvik. 3 : Bygdebok for Granvin med ættebokdel for gardane Beggevik, Kvanndal, Lussand og Naustvik. Odda: Bygdeboknemnda for Granvin, Ulvik og Eidfjord. s. 36. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Olav Kolltveit (1974). «117. Lussand». Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. 5 2 : Bygdesoga. Odda: Bygdeboknemnda for Odda, Ullensvang og Kinsarvik. s. 17. 
  3. ««Fv. 7 Lussandberget : Reguleringsplan»». Nettstaden til Statens vegvesen. 
  4. «Statens vegvesen: Fv 7 Lussandberget, Granvin herad Konsekvensutgreiing». 
  5. ««Nasjonal turistveg Hardanger / Utførte anlegg»». Nettstaden til Statens vegvesen. 
  6. ««Turistveg Hardanger: Rasteplass Lussand»». Nettstaden til Norske landskapsarkitekters forening. 
  7. ««Forskrift om vern for Uranes naturreservat i Granvin og Kvam kommuner, Hordaland fylke.»». lovdata.no. 
  8. ««Uranes»». Miljødirektoratet. 
  9. Stemshaug, Ola og Sandnes, Jørn, red. (1997). «Lussand». Norsk stadnamnleksikon (4, 2. opplag 2005 utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 297. ISBN 978-82-521-4905-7 Sjekk |isbn=-verdien: checksum (hjelp). 
  10. «Namnesøk». Nettstaden til SSB. Henta 9. november 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Compass rose pale.svg Rong på Voss Compass rose pale.svg
Kjepso N Beggevik
V Lussand A
S
Indre Samlafjorden
Lote