Fylkesveg 7

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjå òg fylkesveg 7 (fleirtyding).
Fylkesveg 7
7
Strekning
Bergen – Brimnes i Eidfjord kommune
Fylkesveg 7
Riksveier Hordaland.svg
Informasjon
Status fylkesveg
nasjonal turistveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Stamvei E16.svg  Riksvei 7.svg  Riksvei 13.svg 

Fylkesveg 7 (Fv7) går mellom Trengereid i Bergen kommune og Brimnes i Eidfjord kommune.

Vegen går frå Brimnes ferjekai med ferje til Bruravik, i tunnel til Granvin herad og vidare vestover på nordsida av Hardangerfjorden forbi Ålvik og Øystese til Norheimsund. Derfrå vidare vestover over Kvamskogen til Samnanger kommune og over til Trengereiddalen, der han møter E16 igjen.

Før 1. januar 2010 var han ein del av riksveg 7.

Nasjonal turistveg[endre | endre wikiteksten]

Strekninga mellom Steinsdalsfossen i Kvam herad og kommunegrensa til Granvin herad er del av nasjonal turistveg Hardanger saman med ei delstrekning JondalUtnefylkesveg 550 og strekninga LåtefossenKinsarvik langs riksveg 13.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tokagjelet i Kvam[endre | endre wikiteksten]

Fra austre parsell av vegen
Foto: John Erling Blad

Vegen gjennom Tokagjelet vart stukke ut kring 1890, bygginga starta i 1903 og vegen opna i 1907. Store parti er bygd med handkraft medan arbeidarane hang i tau i han glatte fjellsida. Dette vart gjort fordi vegen manglar naturleg fundament.

Ny veg med fire tunnelar vart teken i bruk på 1960-talet. Dette er tunnelane Snauhaugen på 349 meter, Hansagjel på 697 meter, Tokagjel på 408 meter og Fossagjel på 365 meter. Det som er igjen av han gamle vegen utanfor tunnelane er føreslått verna i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne[2] og heldt ved like som gang og sykkelveg.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Hordaland våpen.svg Hordaland [endre | endre wikiteksten]

Bergen kommune
Samnanger kommune
Steinsdalsfossen
Foto: John Erling Blad
  • tunnel Grasdalstunnelen (63 m)
  • tunnel Hisdalstunnelen (173 m)
  • Fv137 frå Hisdal til 552 Hauge i Os
  • tunnel Raunekleivtunnelen (250 m)
  • Fv136 frå Bjørkheim til 48 Tysse
  • tunnel Haukanestunnelen (635 m)
  • Fv136 Steinsland
  • tunnel Hagaåstunnelen (1641 m)
  • 48 Frølandsvatnet
  • Fv134 frå Frøland til Kvitingen (14,2 km)
  • tunnel Liarostunnelen (563 m)
  • Fv133 frå Myrkhøl til Høyseter (3,5 km)
  • tunnel Fossenbrattetunnelen (665 m)
Kvam herad
  • tunnel Teigabergtunnelen (423 m)
  • Kvamskogen info det høgaste punktet på strekninga, 454 moh.
  • tunnel Fossgjeltunnelen (365 m)
  • tunnel Tokagjeltunnelen (409 m)
  • tunnel Hansagjeltunnelen (696 m)
  • tunnel Snauhaugtunnelen (351 m)
  • Tokagjelet
  • Fv128 frå Steinsdal til Byrkjeland bru (2,7 km)
Granvin herad
  • tunnel Lussandtunnelen (95 m)
  • Arm frå Kvanndal til Kvanndal ferjekai (0,3 km) (artikkel)
  • Riksvei 13.svg  Kollanes, felles trasé til Brimnes
Ulvik herad
Brimnes ferjekai sett frå M/F "Melderskin"
Eidfjord kommune
  • til Brimnes (10 min, 1-3 turar/time)
  • bro Hardangerbrua (1380 m lengd, 1310 m spenn) ny bru + tunnelar, opnar 2013
  • Riksvei 7.svg  Riksvei 13.svg  Brimnes
  • Kjelde[endre | endre wikiteksten]

    1. «Nasjonale turistveger Hardanger». Statens vegvesen. Henta 16. september 2012. 
    2. Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminner (sjå avsnitt om Måbødalen og Tokagjelet)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]