Lydisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lydisk
Klassifisering: Indo-europeisk
 anatolisk
Bruk
Utdøydd: kjent frå ca. 700–200 f.Kr.
Skriftsystem: Lydisk skrift
Språkkodar
ISO 639-3: xld
Glottolog: lydi1241

Lydisk var språket i oldtidsriket Lydia i Vesleasia. Lydisk vert rekna til dei anatoliske språka, ei undergruppe av dei indoeuropeiske språka.

Piero Meriggi la fram sterke bevis for at språket var indoeuropeisk i 1936, og Onofrio Carruba viste i 1959 at språket viste likskapar med språka i den anatoliske språkgruppe. Lydisk språk er attestert i skribleri og graffiti og på myntforklaringar frå slutten av 700- eller byrjinga av 600-talet f.Kr. og ned til 200-talet f.Kr., men velbevarte inskripsjonar lange nok til å lese er avgrensa til 400- og 300-talet f.Kr., det vil seia til perioden av persisk overherredømme. Lydiske tekster er såleis samtidige med dei i lykisk.

Innanfor den anatoliske gruppe har lydisk ein spesiell posisjon fordi det er  eit svært avgrensa material, og mange trekk som ikkje er delt med andre anatoliske språk.[1] Det er ikkje kjent om desse trekka eller eigenskapane representerer særskilde før-lydiske trekk som sidan har gått tapt i andre anatoliske språk.[2]

Det er noko over hundre lydiske tekster, alle unntatt nokre få har vorte funne i eller i nærleiken av den lydiske hovudstaden. Mindre enn tretti av inskripsjonane består av meir enn nokre få ord og er rimeleg fullstendige. Eit fleirtal av inskripsjonane er på stein, og er gravmonument i konteksten, men fleire er avgjerder/forordninger på av einkvan måte, og rundt eit halvt dusin tekstar synast å vera poesi med eit trykkbasert versemål og vokalt halvrim på slutten til linja. Gravinskripsjonar omfattar mange gravskrifter som typisk sett byrjar med orda eś wãnaś («denne grava»), omfram òg korte graffitiar.

Strabon nemner at i hans tid, det vil seia på 100-talet f.Kr., hadde det lydiske språk døydd ut i Lydia, men at det enno vart snakka blant  folkesetnaden i Kibyra (dagens Gölhisar) i sørvestlige Anatolia av etterkommarane av dei lydiske kolonistane som hadde grunnlagt byen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Melchert, Craig (2004): Cambridge Encyclopedia of the World's Ancient Languages, Cambridge University Press.
  2. Hajnal, Ivo (2001): Introduction: «Lydian: Late-Hittite or Neo-Luwian?
  3. Milner, N. P. (1998): An Epigraphical Survey in the Kibyra-Olbasa Region conducted by A S Hall (Monograph).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]