Lyngenlinja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lyngen-linja var den siste forsvarslinja Tyskland bygde i Lyngen i Troms fylke mot slutten av andre verdskrigen. Linja skulle stansa russisk framrykking mot Narvik.

Det einaste vegsambandet mellom Troms og Finnmark gjekk gjennom Storfjord. Dersom vegen sør for Skibotn vart sprengt av tyskarane, ville det nestan umogleg å koma landevegen til sørlege delar av Troms og nordlege delar av Nordland..

Hitler si ordre[endre | endre wikiteksten]

Hitler gav ordre om at Nord-Troms og Finnmark skulle brennast. Ordren vart gjeven av Hitler gjennom Reichskommisar Terboven, og lydde slik:

På grunn av befolkningens ringe beredvillighet til frivillig evakuering har der Führer samtykket i Reichkommisars forslag og befalt at hele den norske befolkning østenfor Lyngenfjord for sin egen sikkerhets skyld skal tvangsevakueres og alle boliger nedbrennes, resp. ødelegges. Øverstkommanderende for Nord-Finland er ansvarlig for at Führerbefalingen gjennomføres hensynsløst. Medlidenhet med befolkningen er ikke på sin plass.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tyskarane var overtydde om at russarane ville invadere så langt sørover i Noreg som til Narvik. Difor vedtok tyskarane å oppretta den såkalla Lyngen-linja som forsvarslinje. Linja kravde store ressursar, fordi alle festningsanlegg, vegar og bruer knytta til denne linja skulle vera ferdig innan 1. mai 1945. I Kvesmenes–Lyngen-området vart mange sovjetiske krigsfangar i oktober 1944 sett inn i arbeidet med Lyngen-linja. Linja var ei omfattande byggverksemd som tyske styrkar gjennomførte, med sovjetiske krigsfangar som arbeidskraft.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Lyngenlinja går frå svensk/finsk grenseområde, og følgjer fjellet utover mot Storfjorden. Området er vanskeleg tilgjengeleg, og mange område rundt linja kan enno vera uoppdaga etter krigen. Det er bygd store bunkersanlegg langs heile fjellet, og mange har funne effektar og våpen frå dagane til krigen i desse områda.

Etter krigen vart det bygd norske anlegg i Skibotndalen, med forlenging på Brennfjell og Helligskogen. Dei hadde som føremål å sinka ein fiende frå aust (Sovjetunionen). Desse anlegga er no nedlagde, men i fjella oppover Skibotndalen kan ein finne mange stillingar som er intakte og kan verta tekne i bruk på kort varsel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]