Lyngsalpan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lyngsalpane)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°47′25.228″N 20°10′10.290″E

Lyngsalpan
fjell
Lyngen.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Troms
Høgd Jiehkkevárri: 1 833 moh.
Wikimedia Commons: Lyngsalpene

Lyngsalpan (Også kalla Lyngsfjellan) er eit fjellområde som ligg på halvøya mellom Ullsfjorden og Lyngen i Troms fylke. Det høgaste fjellet i fjellområdet er Jiehkkevárri som også er det høgaste fjellet i Troms. Fjellkjeda har ei lengd på minst 90 km (avhengig av definisjonen sidan fjella går heilt til grensa av Sverige) og ei breidd på 15-20 km. Fjella dominerer Lyngenhalvøya. Den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby var den første til å klatre til toppen av mange av fjelltoppane.

Lyngsalpane

Desse alpine fjella er populære hos ekstremskiløparar og dannar flotte kulissar mot dei blå fjordane. I tillegg til Jiehkkevárri er Store Lenangstind eit av dei mest prominente fjella. Det er fleire isbrear i fjella. Lyngsalpane er høge nok til å skape ein regnskugge i dei lågareliggande områda aust for fjella.

Lyngsalpan ligg hovudsakleg i kommunane Lyngen og Balsfjord, men det er fleire fjell lenger sør og aust. Desse er derimot ikkje like imponerande som Lyngsalpan.

Lyngsalpan vart verna som landskapsvernområde 20.2.2004. Verneområdet er på 961 km². 1833 m høge Jiehkkevárri ligg midt i verneområdet. Lyngsalpan er verna fordi området har stor naturfagleg verdi som glasiologisk og kvartærgeologisk referanseområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]