Lysakerelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lysakerelva i nærleiken av Jar
Lysaker og Lysakerelva, 200 meter ovanfor utløpet i Lysakerfjorden (Oslofjorden).
Foto: Kjetil Lenes
Lysakerelva ved utløpet i Lysaker-fjorden, fotografert mot fjorden. Oslo til venstre på fotografiet, Bærum til høgre

Lysakerelva er ei elv som renn frå Bogstadvannet i Oslo og munnar ut i Indre OslofjordLysaker, i det som vert kalla Lysakerfjorden mellom Fornebu og Bygdøy. Elva høyrer til Oslomarkavassdraga. Kjelda til Lysakerelva er Langlivann og Nordre og Søndre Heggelivann. Utløpa deira, Langlielva og Heggelielva, renn saman i Sørkedalen og vert frå der kalla Sørkedalselva, som renn inn i Bogstadvannet.

Sidan 1848 har den 7,4 km lange elva danna grense mellom Oslo og Bærum. Namnet kjem av garden Lysaker, som ligg på Bærumsida av elva.

Tidlegare vart elva nytta som kraftkjelde til smelteomnar, møller og sagbruk, mellom anna Voksen Mølle og Grini Mølle, og langs elva finst det fleire ruinar etter sagbruk og møller. Elva vart tidleg industrialisert og av brukarane var Granfos Brug, O. Mustad & Søn og Lysaker Kemiske Fabrik. Om vinteren drog hushaldningane langs elva nytte av isen til is-skapa sine.

Elva har mange fossar og stryk, og vert i vårflaumen nytta til padling. Sjølv om vassføringa ikkje er av dei aller største, har elva nok slynger og stryk til at ho vert nytta til trening av dei beste elvepadlarane i Noreg.

Det går turstiar langs stort sett heile elva. I januar 2007 vart det oppdaga hærverk på over hundre tre i den verna skogen langs elva.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hærverk på skogen. Aftenposten Aften (29. januar 2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lysakerelva