Hopp til innhald

Lysefjorden i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lysefjorden i Os)
Lysefjorden
fjord
Lysefjorden med Lysøen til venstre (vest).
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Kart
Lysefjorden i Hordaland
60°12′05″N 5°18′13″E / 60.2014°N 5.30364°E / 60.2014; 5.30364

Lysefjorden er ein sidefjord til Korsfjorden i Bergen kommune i Vestland. Han er ei fortsetjing av Korsfjorden som strekkjer seg 6 km austover mot Djupvik. Breidda er 2-3 km. Fjorden er kalla opp etter Lyse kloster, som ligg 1,5 km lenger aust.

Fjorden har innløp mellom Korsneset i nord og øya Skorpo i sør. Den indre delen av fjorden har over ti større holmar og småøyar. Den største av desse er Lysøen, der Ole Bull bygde det kjende huset sitt.