Lysutbytte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lysutbytte vil ved lysstråling seie forholdet mellom lysstraumen i stråla og den energien stråla fører med seg. Lysutbyttet blir angjeve i lumen per watt (lm/W).

Ved det spektrale lysutbyttet forstår ein forholdet mellom lysstraum og utstrålt energi ved same bølgjelengd, angjeve som funksjon av bølgjelengda. For det normale lystilpassa auget er det maksimale spektrale lysutbyttet 680 lm/W ved ei bølgjelengd på 555 nm der auget har den maksimale kjensla si. For kortare og lengre bølgjelengder minkar lysutbyttet raskt. Lysutbyttet er altså avhengig av den spektrale fordelinga av strålinga og er størst viss han blir sendt ut i det området kjensla til auget er størst.

I staden for lysutbytte kan ein angje lysverknadsgrad, som er forhold mellom lysutbyttet og det lysutbyttet ein ville fått viss all strålinga hadde hatt den bølgjelengda som svarar til den maksimale kjensla til auget.

Ved elektriske lyskjelder blir lysutbyttet angjeve som forholdet mellom lysstraumen frå lampa og den elektriske effekten til lampa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]