Hopp til innhald

Máirtín O'Connor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Máirtín O'Connor

O'Connor spelar med Cara Dillon på Bristol Folk Festival i 2012.
Fødd1955 (71 år)
FødestadGalway
OpphavIrland
SjangerIrsk folkemusikk, Gypsy-jazz
InstrumentTrekkspel
Tilknytte artistarMidnight Well, De Dannan, The Boys of the Lough, Skylark, Cara Dillon
Verka somMusikar

Máirtín O'Connor (fødd 1955) er ein irsk trekkspelar. Han har spelt i mange folkemusikkgrupper, som Skylark, Midnight Well, De Dannan og The Boys of the Lough. Som irsk folkemusikar var han ei av dei store drivkreftene bak Riverdance.[1]

O'Connor blei fødd i Bearna i County Galway og voks opp i Mervue i byen Galway. Han byrja å spele då han var ni år gammal. Begge foreldra til faren spelte trekkspel. Etter å ha arbeidd ei tid som elektronisk ingeniør forlet han jobben for å bli musikar på heiltid på 1970-talet.[2]

Spel i grupper

[endre | endre wikiteksten]

Han blei beden med i gruppa Midnight Well av songaren og låtskrivaren Thom Moore i 1976. Seinare var han med i The Boys of the Lough (1980), Reel Union (1982), De Dannan (1983-1987) og Skylark (1992-1996).[3]

Han skipa Máirtín O’Connor band, også kjend som Máirtín O’Connor Trio, kring 2001. Gruppa har omfatta Cathal Hayden og Séamie O’Dowd gjennom mange år, og tidvis også perkusjonisten Jim Higgins.[4]

Det første soloalbumet hans, A Connachtman's Rambles frå 1979, etablerte han som solomusikar og gav han stor suksess i musikkpressa. O'Connor har sidan gjeve ut tre album til, Perpetual Motion i 1990, Chatterbox i 1993 og The Road West i 2005.

Han blei beden om å skriva musikk til St. Patrick-festivalen Dublin i 2003. Resultatet, The Rain of Light Fireworks Suite, blei del av albumet Rain of Light (2003).[3]

I 2020 skreiv han tingingsverket The Mighty Ocean på oppdrag frå den europeiske kulturhovudstaden Galway 2020. Stykket hadde urpremiere på TG4 i april 2021.[5][2]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • TG4 Traditional Musician of the Year 2015
  • AIB Traditional Musician of the Year Award 1995
  • Galway County Council Premier Arts Award, 1996
  • Fiddlers Green Hall of Fame Award, Rostrevor, Co. Down, 2009
  • Æresdoktorat ved NUI Galway[2]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • The Connachtman's Rambles (1979)
  • Perpetual Motion (1990)
  • Chatterbox (1993)
  • The Road West (2001)
  • Rain of Light (2003)
  • Crossroads (2008), med Cathal Hayden & Seamie O’Dowd[6]

Studioarbeid

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «Máirtín O'Connor Biography». Tara Music Company Limited. 1999–2013. Arkivert frå originalen 2013-09-07. Henta 29. mai 2013. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  2. 1 2 3 «Máirtín O'Connor – The Mighty Ocean», The Journal of Music in Ireland | News, Reviews and Opinion (på engelsk), henta 2026-04-11
  3. 1 2 «About», Máirtín O'Connor (på engelsk), henta 2026-04-11
  4. ↑ WebsiteNI, «Máirtín O'Connor Trio», Patrick Kavanagh Centre (på britisk engelsk), henta 2026-04-11
  5. ↑ Long, Siobhán, «Máirtín O'Connor: 'The Earth still turns and we're treating it so badly'», The Irish Times (på engelsk), henta 2026-04-11
  6. ↑ Ng, Alan (2000–2013). «Irish Traditional Music Tune Index Album Details for Crossroads by Máirtín O'Connor, Cathal Hayden, Seamie O'Dowd». Irishtune.info. Arkivert frå originalen 2012-08-25. Henta 29. mai 2013. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]