Mättenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 46°36′31″N 8°4′44″E
Mättenberg
fjell
Grindelwald.jpg
Schreckhorn og Mättenberg (til høgre)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 104 moh.
Koordinatar 46°36′31″N 8°4′44″E
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mettenberg

Mättenberg er eit 3 104 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg ved Grindelwald, mellom Wetterhorn og Øvre Grindelwaldbreen i nordaust og så Nedre Grindelwaldbreen og Eiger i vest.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Med sine bratte fjellveggar dannar Mättenberg saman med Wetterhorn og Eiger den markante sørsida i dalgryta kring Grindelwald.

Mättenberg er den nordlegaste fjelltoppen i ei omkring ti kilometer lang fjellrekke som strekker seg mot søraust over Ankenbälli 3 161 m, Gwächta 3 164 m, Klein Schreckhorn 3 494 m, Nässihorn 3 741 m, Schreckhorn 4 078 m, Lauteraarhorn 4 042 m, Klein Lauteraarhorn 3 620 m, Hugihorn 3 647 m og Lauteraar Rothörner 3 473 m, og som fell ned mot Finsteraargletscher.

På nordaustsida av Mättenberg ligg Wächselgletscher.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Mättenberg består i hovudsak av kalkstein av same sort som i Aar-massivet og av gneis. I 1994 vart det oppdaga eit hol i kalksteinsberget. Oberer Grindelwaldgletscher hadde trekt seg mykje tilbake og holet kom til syne. Mykje vatn renn gjennom holet, som har fått namnet Milchbach-Höhle (mjølkebekk-holet).

Turisme[endre | endre wikiteksten]

På nordsida av fjellet går ei kabelvogn frå landsbyen Grindelwald til Pfingstegg (1 392 moh), eit utgangspunkt for fjellvandringar og høgfjellsturar, mellom anna til Bäregghütte på vestsida høgt over Øvre Grindelwaldbreen og vidare til Schreckhornhütte.

På vandrevegen frå Pfingstegg til Øvre Grindelwaldbreen vart det i 2005 opna ein 150 meter lang tunnel. Tunnelen vart bygt for å verne turgåarar mot steinras frå Breitlouwina.

Øvre Grindelwaldbreen og Nedre Grindelwaldbreen med brejuvet er attraksjonar ved fjellfoten.

Klimaendring[endre | endre wikiteksten]

Rundt i kring Mättenberg finn ein synlege prov for klimaendringar. Øvre og Nedre Grindelwaldbreen har trekt seg mykje tilbake, og permafrosten i jordgrunnen tinar. Særleg mellom Mättenberg og Eiger har det ført til fleire jordskred og steinras enn før.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]