Måndalen idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Måndalen idrettslag
Fullt namn Måndalen idrettslag
Grunnlagd 18. januar 1922
Heimebane Måndalen stadion
Styreleiar Katrine Wold Deunk
Liga 5. divisjon (2012)
Heimedrakt
Bortedrakt

Måndalen Idrettslag (skipa 18. januar 1922) er eit idrettslag i Måndalen i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Laget har grupper som driv fotball, tennis, klatring, friidrett og skiidrett.

Anlegg[endre | endre wikiteksten]

Laget bygde i 2009 Måndalshallen som er ein idrettshall med kunstgras. I 2011 vart idrettsbanen oppgradert med fast dekke. Banen har 8 løpebanar og kan arrangere nasjonale friidrettsstemne. Banen har òg ny grasmatte der laget spelar sine heimekampar. I tillegg har laget eiga lysløype og tennisbanar. Alle anlegg ligg på idrettsplassen ved Vemora ved enden av Volladalen.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Måndalen idrettslag har ei aktiv fotballgruppe. Herrelaget spelte i 3. divisjon i sesongane 2007-2009. I 2010 var laget i 4. divisjon.

A-laget i fotball speler i 2012 i 5. divisjon.

Kjende utøvarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]