Måsøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Måsøyfjorden er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark mellom Hjelmsøya og Måsøya. Fjorden har ei lengd på 9 km frå nord til sør og har opning ut mot Barentshavet i nord. I sør grensar fjorden til Breidsundet som ligg på sørsida av Hjelmsøya og Måsøysundet som ligg på sørsida av Måsøya. Lenger sør går Kullfjorden vidare sørover.

I nord startar fjorden mellom Svartviknæringen i vest og holmen Måsøykalven i aust. I sør endar han mellom Straumsnesodden i vest og Varnesset i aust. To småbruk ligg ved fjorden på Hjelmsøya, kalla Russesund og Svartvik. Fjorden er 119 meter på det djupaste, like vest for Måsøykalven.

Koordinatar: 71°3′27.248″N 24°51′38.473″E